Inaktiv

Salgs- og servicemedarbeidar, Elkjøp Vinje

Arbeidsgiver
Fristadsenteret As
Stillingstittel
Salg- og Kundeservicemedarbeider
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye kollega?
Me søkjer ein utadvendt og ryddig person til ei fast 80-100% stilling i butikken vår på Fristadsenteret i Vinje.
Du vil jobbe i eit team med dyktige og erfarne medarbeidarar. Interesse for og ein viss kunnskap om telefonar og pc’ar vil vera ein fordel, men ikkje noko krav.




Hva vi ser etter

Du bør vera:

  • Utadvendt, imøtekomande og ha evna til å konversere med alle typer menneske

  • Tolmodig og roleg, sjølv om det til tider er hektisk rundt deg

  • Ryddig. påliteleg og punktleg




Arbeidsoppgaver

Primære arbeidsoppgåver vil vera:

  • Kunderettleiing og løpande oppgåver i butikk

  • Sal av produkt og tenester innan alle sektorar av heimeelektronikk

  • Support og klargjering av telefonar og pc'ar for kundar

  • Mottak, registrering og oppfylgjing av service og reparasjonar




Vi tilbyr

Me kan tilby:

  • Ein trygg og stabil arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø kor du kan vera deg sjølv

  • Løpande praktisk opplæring, i tillegg til digitale kurs innan alle relevanteområder

  • Konkurransedyktige vilkår som t.d. tariffavtale og AFP.

  • Varierte arbeidsoppgåver kor du tileignar deg praktisk kunnskap du har glede av utanfor jobb også

  • Faste arbeidstider som stort sett fylgjer opningstidene våre inkludert tredjekvar laurdag

  • Moglegheit til å koma med innspel og påverke vår daglege drift samt få meir ansvar etterkvart, om du er rett person og ynskjer det.

Sektor
Privat
Sted
Vinjevegen 178, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Kundeservice, Kontor og administrasjon
FINN-kode
380321907
Sist endret
13. nov. 2024 12:49