Ledig stilling som fagarbeidar/elevassistent - Bryggja skule AS

Arbeidsgiver
Bryggja Skule AS
Stillingstittel
Fagarbeider barn
Frist
04.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bryggja skule søkjer ein engasjert og dyktig fagarbeidar/elevassistent i 100 % stilling. Stillinga er i eit vikariat fram til 30.06.24. Det kan bli mogelegheit for forlenging. Vi ser etter deg som ynskjer å bidra til eit godt læringsmiljø og som brenn for å jobbe med barn og unge.




Hva vi ser etter

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein omsorgsfull, initiativrik og ansvarsbevisst person som ser verdien i å støtte elevane si utvikling. Du bør trivast med å jobbe i team, men også kunne arbeide sjølvstendig.

Kvalifikasjonar:

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning

• Erfaring med å jobbe med barn og ungdom er ein fordel

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Evne til å skape tryggleik og trivsel for elevane

• Fleksibel, løysningsorientert og engasjert




Arbeidsoppgaver

Som fagarbeidar/elevassistent ved Bryggja skule vil du være ein viktig del av skulen sitt team. Du vil støtte elevar i deira faglege og sosiale utvikling, og bidra til å skape eit trygt og inkluderande skulemiljø. Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere å følgje opp enkeltelevar/grupper av elevar og bidra til elevar sin trivsel og meistring i kvardagen.




Vi tilbyr

• Ein spennande og variert kvardag i eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø

• Løn etter gjeldande avtaler og regelverk

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Sektor
Privat
Sted
Norefossvegen 1, 6711 Bryggja
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
380322583
Sist endret
13. nov. 2024 12:54