Vernepleiar 100% fast
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- Vernepleiar - 100% fast - Kvassnesvegen bufellesskap
- Frist
- 25.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me har ledig ei 100% vernepleiarstilling med arbeid kvar tredje helg i Kvassnesvegen bufellesskap
Som vernepleiar blir du ein viktig del av det aktive fagmiljøet ved bufellesskapet vårt. Du vil få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid, samt vere med i eit kollegialt fellesskap der me utviklar oss fagleg og personleg.
Vi søkjer deg som er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har vi som mål å levere tenester av høg kvalitet!
Om avdelinga
Kvassnesveien bufellesskap har 9 leilegheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 9 personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning, med våkande nattevakter, og totalt ca. 25 årsverk
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Grunnleggjande IKT-ferdigheiter
Det er eit føremon om du har kjennskap til kap.9
Arbeidsoppgåver
- Å rettleie og hjelpe bebuarane med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen.
- Planlegge og tilrettelegge for gode tenester,
- Dokumentere naudsynt informasjon og utførte oppgåver i journalsystemet Profil
Kven søkjer vi?
- Du arbeider for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk
- Du lyttar, reflekterer og kommuniserar tydeleg og respektfullt
- Du er ein trygg fagperson, - aktiv og engasjert i faget ditt
- Du kan jobbe sjølvstendig og samarbeide med kollegaer
- Du bidrar til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for bebuarane
- Du er god på å samarbeide med pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
- Du seier frå om ting som ikkje fungerarar, og bidrar til fagutvikling og kvalitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som tek deg vel imot
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 380331504
- Sist endret
- 13. nov. 2024 01:54