Terna avlasting

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Terna avlastning
Stillingstittel
2 x faste miljøarbeidarar i helgestilling
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om avdelinga:

Terna avlasting er lokalisert på Rong og yt avlasting til familiar med born og unge med nedsett funksjonsevne. Avlastningsbustaden har totalt 4 plassar og er fysisk tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar. Det er lagt vekt på å gje trygg og god avlasting tilpassa den einskilde sine behov. Personalgruppa er stabil og tverrfagleg samansett.

Stillingane er på 22 og 25% og er knytt til årsplan med todelt turnus og 12 helger i året (langvakt ca. kvar 4. helg).

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og pleie
  • Miljøarbeid med born og unge med ulike diagnosar og somatisk kompleksitet
  • Medisinoppfølging

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Autorisert helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år
  • Førarkort B
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne og epilepsi
Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avd.leiar Straumsfjellet avlasting/Terna avlastning Sylvia Breur tlf. 55 09 68 97 / 41 18 16 04

Leiar Forvaltning og Støttetenester Monica Førde Landro tlf. 95 80 85 36

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Ternholmvegen 15 A, 5337 Rong
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
380429480
Sist endret
14. nov. 2024 09:45