Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Korttidseining
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kan du tenkje deg å bli ein del av teamet vårt?

Du vil jobbe i turnus, med arbeid kvar tredje helg. 

Kortidseininga er ei av tre einingar ved Hareid sjukeheim som gir tilbod om opphald på lang- og i korttid, avlastning, rehabilitering og har kommunal akutt døgnplass (KAD).
 
Vi har 16 plassar, der ein av dei er KAD. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei innbyggjarane som treng det, og gode arbeidsvilkår for tilsette. Vi samarbeider tett med andre delar av sektoren for å sikre gode pasientforløp. Tilsette har fagdag i turnus, og får påverke eiga arbeidstid og fritid gjennom forhandling.


Arbeidsoppgåver

  • medisinsk og fagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
  • pleie- og omsorgsoppgåver
  • sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
  • rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og helsefagstudentar
  • medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
  • bruk av velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Erfaring frå arbeid på korttidsavdeling kan bli vektlagt.
  • god digital kompetanse
  • godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)

Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, og gjennomgå smittevernkontroll.

Personlege eigenskapar

I sektor for velferd ønsker vi oss ein medarbeidar som er pliktoppfyllande, engasjert, profesjonell og løysningsorientert, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. 

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss. 

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • spanande og faglege utfordringar
  • fagdag i arbeidsplan
  • tilgang til e-læring
  • forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
  • løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, +47 91566735

Arbeidsstad

Teigevegen 55

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune


Referansenr.: 4875926301

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
380431480
Sist endret
14. nov. 2024 09:36