Badevakt i Stryn symjehall

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Badevakt
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stryn symjehall er kommunal symjehall som ligg i Stryn sentrum tilknytt Stryn kulturhus. Symjehallen inneheld symjebasseng, barnebasseng, stupetårn, rutsjebane og sauna. Inngang og billettsal i tilknytning til Stryn kulturhus. Vi har ledige to deltidsstilling for fast tilsetting. 

Arbeidsoppgåver

Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen. Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ei ledig to deltidsstillingar, ei på 30% og ei på 8,45%, begge med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar. 

Kvalifikasjonar

Den tilsette må vere symjedyktig samt bestå førstehjelpskurs og symjeprøve som blir arrangert av arbeidsgjevar. Bestått Førstehjelpskurs og symjeprøve er obligatorisk for stillinga. 

Personlege eigenskapar

Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet. 

Vi tilbyr

Løn etter tariff 

Gode pensjonsordningar

Arbeid i positivt miljø

Tilsetting etter lover og avtaler

Kontaktinformasjon

Kåre Bruvoll Alme , Kulturhusleiar, 94277853

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune


Referansenr.: 4885052219

Stillingsprosent: 30%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Annet, Renhold
FINN-kode
380432529
Sist endret
14. nov. 2024 09:42