Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for korttid/rehabilitering og KAD har ledig ei spennande stilling for sjukepleiar. Er du den vi ser etter? 😊

Vi planlegg ny turnus for ansvarssjukepleiar på topp og ynskjer å prøve ut langvakter på helg 12,5 timar. Arbeid kvar femte helg.

Stillinga er fast og 100 %. 

1. etg ved Gloppen omsorgssenter har 12 korttid- og rehabiliteringsplasser, 2 KAD plasser (kommunal akutt døgneining). Skjerma eining med 10 plassar er også lokalisert i 1. etg. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire, faste legevisitter kvar veke. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er:

Respekt, Kunnskap og Omsorg


Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa.
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
  • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar/ studenter.         

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ynskjeleg med vidareutdanning i geriatri, eventuelt vilje til å ta vidareutdanning i geratri
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg.
  • Har generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen .

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar.
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel.
  • Ser sjukepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysingsorientert.
  • Trivast med endringar og nytenking.
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stillinga er idag i tredelt turnus, men ved ønskje om dag/kveld vil vi prøve å finne løysing for det. 
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4885383399

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
380432687
Sist endret
14. nov. 2024 09:37