Fysioterapeut med ansvar for frisklivssentralen
- Arbeidsgiver
- Ergo/fysio og friskliv, Vinje kommune
- Stillingstittel
- Fysioterapeut med ansvar for frisklivssentralen
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!
Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
Du som blir lokka av det nære og trygge
Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
Du som vil få til noko
- Du kjem til å trivast her i Vinje!
Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift og vidareutvikling av Frisklivsentralen i kommunen.
- Lærings- og meistringskurs i regi av Frisklivssentralen
- Lågterskelgrupper på dagtid
- Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen
- Habilitering/rehabilitering i institusjon og heim
- Deltaking i utviklings- og forbetringsarbeid i form av grupper eller prosjekt
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Ynskjeleg med kompetanse og/eller erfaring innan frisklivsarbeid
- Ynskjeleg med erfaring og/eller kompetanse i helsefremjande samtaleteknikk
- Erfaring i å leie grupper/gruppetrening
- God framstillingsevne i norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling
- Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
- Du er fleksibel og omstillingsdyktig
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Vi tilbyr
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
- Rom for fagleg utvikling
- Løn etter utdanning og kvalifikasjonar. Vinje har eigen lokal lønstige og gode lønsvilkår
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Bilgjodtgjersle
- Gratis skulemat
- Gratis SFO 1.-3. klasse
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4885041363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.12.2024
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vinjevegen 212, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
- FINN-kode
- 380452349
- Sist endret
- 14. nov. 2024 12:09