Ergoterapeut

Arbeidsgiver
Ergo/fysio og friskliv, Vinje kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!

Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
Du som blir lokka av det nære og trygge
Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
Du som vil få til noko
- Du kjem til å trivast her i Vinje! 

Vinje kommune ser etter ein ny ergoterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling, da vår gode kollega skal ut i svangerskapspermisjon. Me er ei avdeling som set faglegheit og trivsel høgt! Hjå oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert  under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
 

Arbeidsoppgåver

  • Førebyggjande og rehabiliterande tiltak ovanfor menneske i alle aldrar som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, i eigen heim og i institusjon
  • Tverrfagleg samarbeid, i tett kontakt med kommunens øvrige tenesteapparat
  • Rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Kontakt med hjelpemiddelsentralen og ansvar for oppfylgjing, formidling og tilpassing av hjelpemiddel til kommunens brukarar
  • Tilrettelegging av bustad og rettleiing for at brukar skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim
  • Lærings- og meistringskurs gjennom Frisklivssentralen
  • Helsefremmande og førebyggjande arbeid i form av mellom anna inspirasjonsdagar og pårørandekurs 
  • Utvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ergoterapeut 
  • God digital kompetanse
  • Førerkort klasse B
  • God framstillingsevne i norsk, skriftleg og munnleg

Det er ynskjeleg med
- Veiledningskompetanse, individuelt og i gruppe
- Erfaring fra kommunehelsetenesta

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling
  • Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
  • Du er fleksibel og omstillingsdyktig
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner

Vi tilbyr

  • Særs gode kollegaer
  • Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
  • Rom for fagleg utvikling
  • Løn etter lokal tariff, i tillegg til rekrutteringstillegg og tillegg for pasientretta arbeid 
  • Bilgjodtgjersle for å bruke privat bil i tenesta 
  • Gratis skulemat
  • Gratis SFO 1.-3. klasse
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Me kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666

Arbeidsstad

Vinjevegen 212

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4885489576

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 16.12.2024

Sluttdato: 25.10.2025

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
380455761
Sist endret
14. nov. 2024 12:24