Tiltaksarbeidar barnevern
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- Tiltaksarbeidar barnevern
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me har ledig 100% fast stilling som tiltaksarbeidar barnevern frå snarast.
Stillinga er organisert i Aurland og Lærdal barnevern, som er ei avdeling i kommunalområde oppvekst. Aurland er vertskommune for ei interkommunal teneste.
Du bør ha god relasjonskompetanse og evne til å samarbeide både med andre tenester og familiar. Oppmøtestad er Aurland rådhus, men arbeidet skal utførast i begge kommunar.
Barneverntenesta er med i eit læringsnettverk kring kompetanse og system for rettleiing. I tillegg er me aktive i utviklingsprosessar på oppvekstområdet i begge kommunar.
Me oppmodar om, og legg til rette for, relevant vidareutdanning.
Arbeids- og ansvarsområde
- tiltaksarbeid i familiar
- sakshandsaming etter Lov om barnevern
- samtalar med barn, unge og vaksne
- samarbeid med aktuelle instansar kring barn og familiar
- foreldrerettleiing
- praktisk oppgåveløysing
- arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov i tenesta
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- fast rettleiing ein gong per veke til nytilsette
- god fleksitidsordning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- minimum bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Andre helse- og sosialfaglege utdanningar kan vere aktuelle, som t.d vernepleiar
- det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning / master
- god skriftleg framstillingsevne
- erfaring frå tiltaks og relasjonsarbeid
- god barnevernfagleg forståing
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du handterer stress og uventa hendingar
- Du kan stå i rettleiing og prosessar over tid
- Du spelar på lag, tenker heilskap og samarbeid
- Du har ein open, tydleg og respektfull kommunikasjon
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- politiattest etter barnevernlova må leggast fram innan byrja i stillinga
- Førarkort kl. B
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vangen 1, 5745 Aurland
- Stillingsfunksjon
- Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- FINN-kode
- 380456918
- Sist endret
- 14. nov. 2024 12:36