Driftsansvarleg Aukra kulturhus

Arbeidsgiver
Aukra kommune Kultur
Stillingstittel
Driftsansvarleg
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100% stilling som driftsansvarleg og søkjer deg som har eit stort engasjement for kulturlivet i Aukra og som vil vere med å vidareutvikle det gode samarbeidet i Aukra kulturhus.

 

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeid med frivillige og andre samarbeidspartar i drifta
  • Kundedialog og kontraktinngåing med arrangørar og leigetakarar
  • Bookingansvarleg;  Administrere utlån og utleige i Aukra kulturhus og andre kommunale bygg som ligg til ansvaret
  • Fakturering og kontrolloppgåver knytt til utlån og utleige
  • Praktisk klargjering av arrangement
  • Ansvar for å planlegge og koordinere arrangement saman med programkomiteen
  • Ha kontakt med og følge opp artistar, arrangørar, publikum og andre samarbeidspartar
  • Bidra i arbeidet med sal, marknadsføring og innhaldsproduksjon
  • Følgje opp kulturhusvertane og skape gode rammer for publikum
  • Etter behov delta i arrangementsavvikling og andre praktiske oppgåver
  • Enkle vedlikehaldsoppgåver
  • Vere med å vidareutvikle Aukra kulturhus som møteplass

Noko arbeid på kveld og helg må påreknast.

Krav til stillinga

  • Relevant høgare utdanning innan kulturfag er ønska. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kunnskap om økonomi/rekneskap og fakturering
  • Du må vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Flink med folk, utadvendt og gjestfri
  • Idé- og initiativrik
  • Vere fleksibel og ha evne til å løyse arbeidsoppgåvene på ein effektiv måte, skape forankring og begeistring hos samarbeidspartar
  • Stor interesse for kulturfeltet og det frivillige kulturlivet i kommunen
  • Gode IKT kunnskapar, evne til utvikling av digitale arbeidsplattformer

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer
  • Kreativt og godt arbeidsmiljø
  • Fleksitidsavtale
  • Løn etter tariff
  • God pensjonsordning

 Mangfald

 Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.

 Prøvetid

 Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd

 Søkarliste

 Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk på stilling". Søknadsfristen er 9. desember 2024

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Koordinering, Ledelse
FINN-kode
380481404
Sist endret
15. nov. 2024 07:07