Helsefagarbeidar 100% stilling
- Arbeidsgiver
- Austrheim kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 100% stilling
- Frist
- 09.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du helsefagarbeidar og ønskjer fast stilling med gode vilkår? Då er du velkomen til Nordliheimen sjukeheim i Austrheim kommune. Nordliheimen har ledig ei 100% stilling med arbeidstid på dag/kveld. Trivst du med ein variert og fagleg utfordrande arbeidsdag, vil du trivast hjå oss! Nordliheimen er ein kommunal sjukeheim med 28 døgnplassar, fordelt på langtids- og korttidsplassar, med ei skjerma eining for bebuarar som lever med demens og rom til ØHD. Her finn du ein gjevande arbeidsplass med faglege utfordringar. Som helsefagarbeidar ved Nordliheimen blir du del av eit tverrfagleg team, som er oppteken av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie- og omsorgsoppgåver til pasientar på Nordliheimen sjukeheim
- Samarbeide med pasient og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen
- Instruktør for helsefagarbeidarlærlingar i eininga
Kvalifikasjonskrav
- Norsk godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Gyldig politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande
politiattest ved tiltrede.
Kven ser vi etter?
Me ser etter deg som trivst med å arbeide med eldre og personar som har samansatte hjelpebehov. Du tek ansvar og likar utfordringar, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø der trivsel kvalitet og samarbeid står i fokus.
Du evnar å sjå heilheita, samtidig som du er merksam på behova til den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er trygg på deg sjølv og har god evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg har du sterke samarbeidsevner og er løysingsorientert.
Me tilbyr
- Konkurransedyktig løn, med fast institusjonstillegg på kr. 20 000,- per år i 100% stilling
- Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Moglegheit for vidareutdanning
Nytilsettopplæring og oppfølging
Me har det kjekt saman på jobb!
Du er velkomen i teamet.
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 380481634
- Sist endret
- 15. nov. 2024 07:04