Bli med å gjer ein forskjell for dei ungdomane som treng oss mest!

Arbeidsgiver
Søk hjå oss då vel! Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd Bregnetunet
Stillingstittel
Miljøterapeutstilling
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd Bregnetunet, skal ansette miljøterapeutar i fast stilling frå 70 til 100 %. Vi har også ledige helgestillingar hjå oss, som utgjer 25-30 % fast stilling.

Informasjon om stillinga og arbeidsstaden: 

Avdeling Bregnetunet er ein institusjon som blir satsa på for å etablera tilbod til behandlig for ungdom som treng å redusere negativ handlingsmønster, og hjelpe dei med å snu ei utvikling som er til skade for deira framtidsmuligheiter. Arbeidskvardagen vil bestå av godt systematisert miljøterapi og tett samarbeid med instansar rundt oss, og vi på Bregnetunet skal jobba tett og godt saman med ungdomane. Vi skal ha inntil 3 ungdomar buande hjå oss i alderen 13 - 18 år. Vi jobber etter Omsorgs- og endringsmodellen, som inneber strukturert og målretta arbeid rundt den enkelte.

Vår primære miljøterapeutiske oppgåve er å legge til rette for at ungdomen kan arbeide med si eiga utvikling gjennom å tilby:

Tydelege, tilbakevendande strukturar, og varme og truverdige relasjonar for å muliggjere eit liv verdt å leve.

Dersom du set pris på eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse, så bør du ikkje la denne sjansen gå i frå deg.

Vi kan tilby ein helsefremmande todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. For ansatte i dag/kveld turnus er det for tida kombinasjon av dag- og kveldsvaktar, samt nokre lange vaktar på 12,5 time.  Nattevaktane har arbeidshelg kvar 3. helg. Ein turnus som gir deg fagleg påfyll kvar veke gjennom deltakelse på konsultasjonsteam, og Tryggheit og sikkerheitstrening saman med kollegaer. Vi har vekentleg møtestruktrur for ansatte i turnus.

Dersom du vil lese meir om korleis det er å jobbe hos oss på Bregnetunet kan du ta kontakt med ein av oss i leiinga. Eventuelt ta ein titt på på heimesida vår: 

 Sogn og Fjordane ungdomssenter

Vi ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant våre tilsette, med bakgrunn i gitte føringar i Rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter består av avdeling Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid, og har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på
begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på
grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane
ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.

  • Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke
    i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
  • Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige
    samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere
    praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i
    institusjon.
  • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skule og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.

Kvalifikasjonar

  • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog, politi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60
    stp. relevant vidareutdanning.
  • For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med
    ungdom med utfordrande åtferd. 
  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid. 
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Krav til førerkort 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • har evne til å ta ansvar, er romsleg, fleksibel, sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
  • kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og fagleg perspektiv
  • trivs med  utfordringar
  • har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom
  • har fokus på brukarmedverknad og familie- og nettverksarbeid
  • har gode evner til å bygge relasjon
  • har evne til å ta imot rettleiing, og å gjere seg nytte av denne
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god fysisk og psykisk helse

Vi tilbyr

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut,  p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr.45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr.53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr.54-64).
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 - 454 500 (ltr.30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 - 487 800 pr. år (ltr.39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300 (ltr. 41-50).
  • Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

 

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
    Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved søknaden.

Kontaktinformasjon

Ester Ytredal, Avdelingsleder, 46619766, ester.ytredal@bufetat.no

Ragnhild Espeseth, Enhetsleder, 97648956, ragnhild.espeseth@bufetat.no

Arbeidssted



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat


Referansenr.: 4885066545

Stillingsprosent: 100, 70, 25%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Bregnetunet 15, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
380485276
Sist endret
15. nov. 2024 07:28