Inaktiv

Volda Omsorgssenter har ledig fleire faste  stillingar for sjukepleiarar/vernepleiarar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Stillingstittel
Volda Omsorgssenter har ledig fleire faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar eller vernepleierar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte helsefgaarbeidarar og kan og søke.

Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande. 

Vi har ledig fleire faste stillingar og eit vikariat på to ulike langtidsavdelingar, ved  Selje-/Hasletunet og Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter, vi har eit  ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. 


Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
  • Omsorg ved livets slutt.
  • Tett pårørande samarbeid.
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
  • Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert sjukepleiar,vernepleiar eller helsefgarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
  • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
  • Du har lyst til å bidra til utvikling. 
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
  • Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.  

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.   

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instiusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/Karvestova, 94139817, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no

Merve Ekip, seksjonsleiar Selje-/Hasletunet, 96014461, merve.ekip@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4885535825

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
380486488
Sist endret
30. nov. 2024 09:19