Inaktiv

Fagarbeidar velferdsteknologi, teknisk hjelpemiddelservice

Arbeidsgiver
Førebygging og meistring, Ålesund kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar teknisk hjelpemiddelservice
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein teknisk dyktig problemløyser med ønske om å forbetre livskvaliteten til andre? Vi søker ein engasjert teknikar i 100% fast stilling til vårt team innan velferdsteknologi, avdeling teknisk hjelpemiddelservice.

Som teknikar innan velferdsteknologi jobbar du i skjæringspunktet mellom menneske, teknologi og helse. Du får vere med å utvikle tenester som spelar ei nøkkelrolle i framtida si helse- og omsorgsteneste. 

Hos oss vil du bli ein del av eit dynamisk team, der vi saman skapar innovative løysingar som gjer ein forskjell i folk sine liv. Velferdsteknologi er i stadig endring, dette krev at ein er påkobla, endringsvillig og nysgjerrig. 

I tillegg til teknisk hjelpemiddelservice inneheld verksemda førebygging og meistring seniorsenter, dagtilbod for heimebuande
personar med demenssjukdom, hukommelsesteam, støttekontaktteneste og ergo-
og fysioterapiteneste. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling
mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv
kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.

Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig stilling med andre oppgåver i avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Vi har ledig stilling som fagarbeidar på teknisk hjelpemiddelservice. Avdelinga har ansvar for velferdsteknologi og for kommunalt hjelpemiddellager, og er distributør av NAV hjelpemiddelsentralen sine hjelpemiddel i Ålesund kommune. Denne stillinga er i hovudsak knytt til velferdsteknologi, men andre oppgåver kan kome til.

Arbeidsoppgåvene er varierte:

  • Dagleg drift av ulike velferdsteknologiske system.
  • Programmering av velferdsteknologisk utstyr som tryggleiksalarm, digitale tilsyn og lokaliseringsteknologi m.m.
  • Utkøyring og montering av velferdsteknologi i brukar sin heim, bukollektiv og institusjonar.
  • Ettermontering av tilleggsutstyr, service, demontering og innhenting av utstyr.
  • Klargjøring, vask og gjenbruk av velferdsteknologi.
  • Enkel service og reparasjon av velferdsteknologi.
  • Samarbeid med sakshandsamar og tenesteytar for å medverke til ein trygg og heilskapleg teneste.
  • Opplæring, informasjon og support av velferdsteknologi til tenestemottakar og tenesteytarar.
  • Løpande leverandørdialog.
  • Forefallande lagerarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskelig med fagbrev innen tekniske fag. Relevant erfaring/praksis kan kompensere for dette utdanningskravet.
  • Fordel med relevant erfaring.
  • Gode datakunnskaper.
  • Førarkort klasse B.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).

Personlege eigenskapar

  • Ein medarbeidar som kan stille seg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
  • Du har god teknisk innsikt, er god til å tilegne deg ny kunnskap, er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner.
  • Du er opptatt av det gode arbeidsmiljø på arbeidsplassen, og bidrar aktivt til å ivareta dette.
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø.
  • Ei stilling som gir mulegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Lønn etter tariff og god pensjonsordning.

Kontaktinformasjon

Marianne Aasebø, Avdelingsleiar, 958 70 687

Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad

Blindheimsbreivika 10

6010 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune


Referansenr.: 4884422510

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Teknisk personell, Annet
FINN-kode
380553027
Sist endret
15. nov. 2024 07:13