Grunnskulelærar

Arbeidsgiver
Harøy skule, Ålesund kommune
Stillingstittel
Grunnskulelærar
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig ei fast 100% stilling frå 1.januar 2025 som grunnskulelærar. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. 

Harøy skule er ein 1-10 skule med 98 elevar i inneverande skuleår. Vi har ein flott SFO med eit rikt aktivitetstilbod til borna.

Skulen har nynorsk som hovudspråk og er nysertifisert som dysleksivennleg skule. Fokusområdet dei neste to åra er fagleg inkludering. Der vi saman med fire andre skular i kommunen skal gjennomføre eit viktig utviklingasarbeid leia av Høgskulen i Volda. 

Skulen ligg tett knytt saman med Harøy stadion, IP Huse hallen og har ei frisbeegolfbane tett ved. Alt dette er fasilitetar som ein kan nytte i undervisninga. Vi ligg i eit naturvakkert område med korte avstandar til både fjell og sjø. Med Nordøyvegen er naboøyane og fastlandet lett tilgjengeleg. 
Harøy skule er også i ein prosess med å utdanne ei lærargruppe til å bli sertifiserte aktivitetsleiarar i kajakk. Vi nyttar fasilitetane til Maritimt aktivitetssenter for ungdom (MAKS) i undervisninga. Denne sertifiseringa er noko ein som nytilsett kan "hekte" seg på.

Harøy skule har mange godt utdanna pedagogar og andre medarbeidarar som legg vekt på godt samarbeid og å utvikle ein god delingskultur. Alle tilsette arbeider målretta etter skulen sin visjon for elevgruppa og heim-skule-samarbeidet:

Trivsel, samarbeid og kunnskap. Desse måla er synleg i aktivitetane vi har i skulekvardagen.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. 
  • Vere ein trygg vaksenperson.
  • Bidra til at elevane opplever å bli sett og får tett fagleg oppfølging.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som grunnskulelærar. 
  • Formell kompetanse til å undervise på ungdomstrinnet. Det er ønskjeleg at du kan undervise i eitt eller fleire av desse faga: naturfag, engelsk, norsk og matematikk. Skulen ønskjer også kompetanse innanfor IKT i opplæringa. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som: 

  • Har gode samarbeidsevner, tar ansvar og som trivst i ein aktiv kvardag. Ein som ser elevane for den dei er og er oppteken av å byggje gode relasjonar til elevane.
  • Er problemløysar, ser dei gode løysingane, har pågongsmot og viser dette gjennom initiativ og engasjement.
  • Grunna personalsamansetninga i lærarkollegiet vert menn oppmoda til å søkje.

Vi tilbyr

  • Eit trivleg arbeidsmiljø, gode pensjonsordningar i SPK og løn i tråd med tariff.


Kontaktinformasjon

Nina Olin Sæterøy, Rektor, 922 58 474, nina.olin.saeteroy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 28

6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune


Referansenr.: 4884049169

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 28, 6296 Harøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
380553099
Sist endret
15. nov. 2024 07:11