Psykolog/Spesialpedagog/Pedagog

Arbeidsgiver
Habilitering barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/Spesialpedagog/pedagog
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig vikariat som psykologspesialist ved Habilitering barn og ungdom, Ålesund sjukehus.


Habilitering barn og ungdom ved Ålesund sjukehus har ledig eit 100% vikariat for psykologspesialist frå 01.01.25 til 30.09.25.
Habilitering av barn og ungdom i Ålesund har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar og merkantilt personale.

Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.

 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
  • Psykologar utan spesialisering er også velkomne til å søkje
  • Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
  • Særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autisme med ulike tilleggsvanskar er spesielt ønskjeleg
  • Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Evne til å rettleiie fagpersonar i førstelinjetenesta
  • Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Heilskapsforståing
  • Fleksibel
  • Strukturert og målretta, med evne til sjølvstendig planlegging
  • Gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø

Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga, vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4878793603

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 25.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
380589295
Sist endret
18. nov. 2024 07:04