Rådgjevar/seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar/seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ei stilling innan studieadministrasjon. Vi søkjer ein rådgjevar som kan ta ansvar for instituttets etter- og vidareutdanningstilbod (EVU) i tillegg til studieadministrative oppgåver, alternativt ein seniorkonsulent innan meir rein studieadministrasjon. Ønska oppstart er januar 2025.
Instituttet er eitt av Europas største geofaglege miljø, og har omlag 170 tilsette og 380 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synest i instituttet sine strategiske satsingsområde: (1) Marin, klima og polarforsking, (2) Geofarar og miljø, (3) Energiomstilling og ressursar. Undervisninga ved instituttet femner om eit breitt spekter av geofaglege disiplinar. Instituttet har to bachelorprogram, eit i geovitskap med ei studieretning i geologi og ei i geofysikk med til saman 50 studieplassar per kull, og eit i geologi og informatikk med 23 studieplassar per kull. I tillegg har instituttet eit masterprogram i geovitskap med 52 studieplassar, med rom for fordjuping innan geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi, Geofysikk eller Kvartærgeologi og paleoklima. GEO har og til ei kvar tid rundt 55 doktorgradsstudentar som tar forskarutdanning ved instituttet.
Stillinga som seniorkonsulent/rådgjevar inngår i ein instituttadministrasjon med 9 medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna. Stillinga vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman tre tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå og bidrar også inn i administrasjon og utvikling av instituttet sine kurs for etter- og vidareutdanning (EVU-kurs). Seksjonen er sekretariat for instituttet sine studieprogramstyrer og for forskarutdanningsutvalet. Studieseksjonen ved GEO samarbeider tett med dei vitskapeleg tilsette og har elles eit tett samarbeid med studiepersonale både ved dei ulike institutta og ved fakultetsadministrasjonen. Det er også eit tett samarbeid med iEarth (Senter for framifrå utdanning i geovitskap) om læringsmiljø, undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga som rådgjevar vil ha ansvar for instituttet sitt tilbod innan etter- og vidareutdanning (EVU-kurs). Dette inneber ansvar for administrasjon, utvikling og drift av dei kursa instituttet tilbyr innan EVU. Rådgjevaren vil i tillegg ha administrativt ansvar for masterprogrammet i geovitskap og instituttets emneportefølje.
Søkjarar som ikkje kvalifiserer til rådgjevarstilling vil kunne tilsetjast som seniorkonsulent med administrativt ansvar for masterprogrammet i geovitskap og instituttets emneportefølje.
Dette inneber mellom anna:
- ansvar for administrering, koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sitt masterprogram, det vil seie:
- rekruttering og opptak til master
- oppfølging av masterstudentar samt koordinering av uteksaminering
- sakshandsaming innan studierelaterte saker, inkludert sakshandsaming med overordna/komplekse problemstillingar
- innpassing av ekstern utdanning
- studierettleiing og orienteringsmøte for studentar
- informasjonsverksemd - utarbeiding av informasjonsmateriell, inkludert webinformasjon
- faglege utgreiingar, knytt til etablering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar, emne og læringsmiljø.
- arbeid med utvikling av tverrfaglege studieprogram.
- sekretær og saksførebuing for instituttet sitt programstyre for bachelor og mastergrad i geovitskap.
Den som vert tilsett vil også saman med andre tilsette i studieseksjonen bidra i administrasjon og planlegging av emneundervisning og til utarbeiding av undervisingsbudsjett i tett samarbeid med emneansvarlege.
Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha utdanning på masternivå innan naturvitskap, eller tilsvarande utdanning. Kunnskap innan geovitskap er ein føremon.
- Relevant studieadministrativ praksis er eit krav.
- Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy (til dømes Felles Studentsystem (FS), Canvas/Mitt UiB, Inspera, Elements og andre elektroniske portalar ved UiB)
- For stillinga som rådgjevar er det eit krav om erfaring med organisering og utvikling av digitale og fleksible tilbod innan utdanning, samt etter- og vidareutdanning.
- For stillinga som rådgjevar er det eit krav om kunnskap innan geovitskap som fagfelt og studie.
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein føremon.
- Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål).
- Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må
- ha interesse for arbeidslivsrelevans og eit ønske om å styrke samarbeidet mellom akademia og arbeidslivet.
- ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel.
- vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet.
- vere resultat- og løysningsorientert.
- vere serviceinnstilt.
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- ha gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-60 (for tida 557 100 – 584 500) eller som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60-66 (for tida kr 584 500 – 646 000) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.
- høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan geovitskap.
- høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning.
- nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling.
- mentor for nytilsette.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Atle Rotevatn, tlf. 55 58 33 90 /e-post: atle.rotevatn@uib.no eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, tlf. 55 58 33 00 / 971 72 904 /e-post: andrea.grimnes@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allégaten 41, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Ingeniør, Konsulent
- FINN-kode
- 380591057
- Sist endret
- 18. nov. 2024 07:11