Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ei stilling som seniorkonsulent innan studieadministrasjon. Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan starte og fungere i stillinga raskast mogleg.
Instituttet er eitt av Europas største geofaglege miljø, og har omlag 170 tilsette og 380 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synest i instituttet sine strategiske satsingsområde: (1) Marin, klima og polarforsking, (2) Geofarar og miljø, (3) Energiomstilling og ressursar. Undervisninga ved instituttet femner om eit breitt spekter av geofaglege disiplinar. Instituttet har to bachelorprogram, eit i geovitskap med ei studieretning i geologi og ei i geofysikk med til saman 50 studieplassar per kull, og eit i geologi og informatikk med 23 studieplassar per kull. I tillegg har instituttet eit masterprogram i geovitskap med 52 studieplassar, med rom for fordjuping innan geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi, Geofysikk eller Kvartærgeologi og paleoklima. GEO har og til ei kvar tid rundt 55 doktorgradsstudentar som tar forskarutdanning ved instituttet.
Stillinga som seniorkonsulent inngår i ein instituttadministrasjon med ni medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna. Stillinga vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman tre tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå og bidrar også inn i administrasjon og utvikling av instituttet sine kurs for etter- og vidareutdanning (EVU-kurs). Seksjonen er sekretariat for instituttet sine studieprogramstyrer og for forskarutdanningsutvalet. Studieseksjonen ved GEO samarbeider tett med dei vitskapeleg tilsette og har elles eit tett samarbeid med studiepersonale både ved dei ulike institutta og ved fakultetsadministrasjonen. Det er også eit tett samarbeid med iEarth (Senter for framifrå utdanning i geovitskap) om læringsmiljø, undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt.
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Administrativt ansvar for eksamens- og timeplanarbeid og for bachelorprogrammet i geovitskap, i tett samarbeid med dei andre tilsette i studieseksjonen. Dette inneber mellom anna:
- ansvar for eksamens- og timeplanarbeid
- eksamensadministrasjon i tett samarbeid med emneansvarleg
- opprette eksamen i Inspera
- følgje opp eksamen, tidleg eksamen og eventuelle behov for tilrettelegging
- sakshandsaming av klagesaker
- timeplan- og eksamensplanlegging i tett samarbeid med emneadministrator og emneansvarleg
- emne- og programevaluering
- ansvar for administrering og koordinering av instituttet sitt bachelorprogram i geovitskap
Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha utdanning på masternivå (eller tilsvarande) innan realfag. Kunnskap innan geovitskap er ein føremon.
- relevant studieadministrativ praksis er eit krav.
- det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy (til dømes Felles Studentsystem (FS), Canvas/Mitt UiB, Inspera, Elements og andre elektroniske portalar ved UiB)
- det er ynskjeleg med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
- søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål), og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må
- ha interesse for studentar og deira studiekvardag
- ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
- vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
- vere resultat- og løysningsorientert
- vere serviceinnstilt
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- ha gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-60 (for tida kr 557 100 – 584 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø
- høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan geovitskap
- høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning
- nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling
- mentor for nytilsette
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Atle Rotevatn, tlf. 55 58 33 90 /e-post: atle.rotevatn@uib.no eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, tlf. 55 58 33 00 / 971 72 904 /e-post: andrea.grimnes@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allégaten 41, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør
- FINN-kode
- 380591202
- Sist endret
- 18. nov. 2024 07:08