Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Avdelingsleiar ved helseavdelinga i Sandeid fengsel, 100% fast stilling dagtid. Stillinga er ledig frå 20.01.25.

Hovudarbeidsoppgåver:

Personaloppfølging og det daglege ansvaret for drifta i avdelinga.

Oppfølging/koordinering, rettleiing og undervisning, samarbeid med andre instansar som t.d. kriminalomsorgen tilsynslege og spesilaisthelsetenesta, individuelle samtalar, medisinoppfølging, laboratorieoppgåver m.m.

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar
  • Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus er ein fordel
  • Leiarerfaring vert vektlagt
  • Arbeidserfaring frå psykisk helse og rus feltet er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, løysingsorientert og har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team med andre
  • Evne til å planlegge/prioritere arbeidsdagen i ein til tider hektisk arbeidsdag
  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med dei innsette.
  • Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasinentjournal
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Arbeidsplassen er i Helse avdelinga sine lokale i Sandeid fengsel.

Arbeidstid - dagtid

Alle som skal jobbe i  Fengselet må igjennom ein sikkerhetsklarering

Sandeid fengsel er kategorisert som et åpent fengsel med lav sikkerhet, og har en kapasitet på 88 innsatte. Sandeid fengsel har et variert tilbud hva gjelder aktiviteter/arbeid på dagtid enten dette dreier seg om opplæring/skole eller praktisk arbeid.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
380593331
Sist endret
18. nov. 2024 07:13