Fastlegar
- Arbeidsgiver
- Luster kommune Helse
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Der Europas lengste fjord Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen:
- Søkjer du eit tett fellesskap, både fagleg og sosialt?
- Er du engasjert, ynskjer å lære og flink til å dele eigen kunnskap?
- Drøymer du om å bli fastlege i Luster?
Stillingsinformasjon
Luster legekontor har frå 01.03.2025 ledig 2 fastlegeheimlar.
- Fastlegeheimel per no utan kommunale oppgåver
- Fastlegeheimel i kombinasjon med inntil 24 % kommunal stilling på sjukeheim
Kommunen har ein kombinasjon av tilsette legar på fastlønn og legar i næringsdrift med 8.2 avtale, begge med forsterka insitament. Tentativ listelengd på mellom 500 og 750 pasientar. Individuelle tilpassingar og tidlegare/seinare oppstart kan vere aktuelt. Tenesta er godkjent som teljande i spesialisering (ALIS). Arbeidstid kl. 07.45 – 15.15.
Om Luster legekontor
Luster legekontor er ein del av eininga Helse og held til i Helsesenteret i Gaupne. Legekontoret er samlokalisert med psykisk helse/rus, helsestasjon og fysio/ergo. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang.
Kontoret består per no av 11 fastlegeheimlar og LIS 1. Det er ein fin blanding av erfarne og yngre kollegaer der 6 er spesialistar i allmennmedisin og 5 er under spesialisering med ALIS-avtale. Stabil legegruppe med gjennomsnittleg fartstid på meir enn 8 år. Legane har morgonmøte 30 minuttar kvar dag, der vaktarbeidet og/eller interessante/problematiske kasus er tema. Kvar torsdag er det smågruppe-undervisning for legane (45 minuttar).
Legekontoret har gjennom mange år hatt fokus på fagutvikling og internundervisning. Me har eit godt, inkluderande og stabilt arbeids- og utdanningsmiljø med engasjerte kollegaer og «open dør»-prinsipp for rettleiing. Gjennomgåande gode tilbakemeldingar på utdanningsmiljøet frå ALIS, LIS 1 -legar og medisinstudentar.
Alle legar i spesialistutdanning (LIS 3) får tildelt rettleiar. 4 timar kvar månad er sett opp med fast rettleiing, samt ad hoc-rettleiing v/behov (open-dør-prinsipp på heile Legekontoret). Inntil 4 veker utdanningspermisjon med lønn per år og betalt kursavgift (det som ikkje vert dekka av Fond 2).
Legekontoret er godt utstyrt, med eige rom for gynekologi, skadestove og ØNH. Godt utstyrt laboratorium med god kvalitet. 6 ultralydapparat, EKG/Spiro-/Tympanometri/Holter-EKG («ECG247»)/24timers BT. Bioingeniørar, helsesekretærar og sjukepleiarar med lang erfaring.
Legevakt
Legevakt med maksimalt 10-delt beredskapsvakt i kommunen med utrykking etter behov. Legar som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse vil få tildelt bakvakt. Det er heilt ny, godt utstyrt legevaktbil til disposisjon på vakt. Me nyttar oss av legevikarar til legevakt i ferieperiodar. Dette gjev gode moglegheiter for fleksibel ferieplanlegging og redusert vaktbelastning. Dag etter legevakt vil du som kommunalt tilsett ha avsett dagen til kontorarbeid, utan pasientar. Betalt utrykkingskurs.
Sjukepleiar på felles interkommunal legevaktsentral har god lokalkunnskap, så det er liten belastning på natt (typisk vekking <15-20% av vaktene). Saumlaust samarbeid med ambulansepersonale som er stasjonert i same bygg som legevakta. Kommune-BEST samtrening for legar/ambulanse. Godt samarbeid med pleie- og omsorgstenesta. 2 KAD (ØHD) senger med dagleg visitt.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
- Det vert stilt krav om politiattest
Me legg vekt på
- Personlege eigenskapar
- Verdsetjing av andre sin kompetanse og bidrag inn i eit fagleg fellesskap
- Fagleg engasjement
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter lokal avtale med aktivitetsbasert tilleggsinntekt (20 %)
- Næringsdrift i 8.2 avtale der legen beheld 30 % av basistilskotet
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Ta kontakt om noko er uklart og del gjerne med gode kollegaer!
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øyagata 4, 6868 Gaupne
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
- FINN-kode
- 380630807
- Sist endret
- 18. nov. 2024 08:06