Byggeleiar tunneloppgraderingsprosjekt

Arbeidsgiver
Bergen
Stillingstittel
Byggeleiar tunneloppgradering
Frist
29.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherremiljøet er delt i fire geografiske einingar, utbygging nord ,utbygging sør, utbygging Bergen og utbygging vest.

I Vestland har vi over 30 tunnelar som skal oppgraderast etter tunnelsikkerhetsforskrifta. Til utbygging sør søkjer vi no etter ein byggeleiar for tunneloppgraderingsprosjekt sør i Vestland, i fyrste omgang Bergen og Kvam, for tida knytt til kontorstad Bergen. Det må påreknast utstasjonering på aktuelle prosjektkontor etter kvart og det kan i periodar bli aktuelt med skiftarbeid og /eller nattarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Styre prosjektering og ferdigstille konkurransegrunnlag for eige prosjekt
  • Ansvar for utaberbeiding av SHA-planar, kontrollplanar og konkurransegrunnlag
  • Lyse ut konkurranse og kontrahere
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet , framdrift og HMS på prosjekt
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniør
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media.
  • Ansvarlig for sluttdokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Min. 3-årig høgskuleutdanning frå relevant fagretning. Kravet om høgskuleutdanning kan fråvikast dersom du har fagbrev-/teknisk fagskule og lang relevant praksis frå fagområdet. 
  • Efaring frå gjennomføring av prosjekter og god kjennskap til Statens vegvesen sin prosesskode. Erfaring frå anleggsprosjekter innan ulike entrepriseformer vil bli vektlagt
  • Erfaring frå rassikring og tunnelprosjekter. Dersom du har erfaring med bergsikring og bergmasseklassifisering vil det vere ein fordel.
  • Betongkurs U3 og S2
  • Førarkort klasse B
  • Gode kunnskapar i bruk av relevante IKT-verktøy
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

Du er strukturert og arbeider sjølvstendig, men jobbar også godt i lag med andre. Me ynskjer oss ein kollega som er engasjert og som bidreg både fagleg og sosialt. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Moglegheiter for både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande fagmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Gunhild Beate Nes Vangsnes, Seksjonsleiar, 95088609

Roger Koch, Prosjektleiar, 95291415

Arbeidsstad



5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune*


Referansenr.: 4883065570

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
5008 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
FINN-kode
380631573
Sist endret
18. nov. 2024 08:24