Vikar i økonomifag, marknadsføring og realfag

Arbeidsgiver
Molde videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Vikar i økonomifag, marknadsføring og realfag
Frist
06.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Molde vgs. har frå 15. januar 2025 behov for inntil 300 % stilling som vikarlærar i økonomifag, marknadsføring og realfag. Det kan også vere aktuelt med undervising i andre fag som skulen tilbyd. Vikariata gjeld for skuleåret 2024/2025, men det vil kunne bli aktuelt med forlenging utover hausten 2025.

Arbeidsoppgåver

Vikariata inneber undervising på eitt eller fleire av utdanningsprogramma ved skulen, i tillegg til kontaktlærarfunksjon. 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har relevant formell utdanning for å undervise i eitt eller fleire av desse faga:

- Programfag innanfor økonomifag på studiespesialisering: Marknadsføring og leiing, økonomistyring, økonomi og leiing

- Programfag innanfor Innovasjon og leiing (sal, service og reiseliv): Kultur og kommunikasjon, marknadsføring og innovasjon, entreprenørskap og bedriftsutvikling, forretningsdrift, kultur og samhandling, YFF 

- Matematikk, naturfag og programfag innanfor realfag

- Det kan også vere aktuelt med undervising i andre fag som skulen tilbyd

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som har eit positivt elevsyn, har god relasjonskompetanse og kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for ungdommane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og delta aktivt i profesjonsfellesskapa ved skulen.

Vi tilbyr

  • ei spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • ein arbeidplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
  • eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Berg Celia, Fagleder, +47 99780722

Arbeidsstad

Øvre veg 23

6413 MOLDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4882976364

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 15.01.2025

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 06.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Øvre veg 23, 6413 Molde
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Kontor og administrasjon
FINN-kode
380637320
Sist endret
18. nov. 2024 09:11