Inaktiv

Kombistilling KK Førde/God Start Eid

Arbeidsgiver
KK NSH God Start, Helse Førde
Stillingstittel
Kombistilling KK Førde/God Start Eid
Frist
29.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kombinert stilling som Jordmor KK Førde/ God Start Eid. 

God Start Eid og KK Førde ønskjer å tilby ei 100% fast kombistilling som jordmor: 50% knytt til God Start Eid, 50% knytt til KK Førde.

God Start Eid kan tilby komprimert vaktordning som tilsvarer 4-8 vakter i mnd ved ei 50% stilling. Vaktordning på God Start Eid har aktiv vakt frå kl. 08.00 - 20.00, og passiv vakt på vaktrom kl. 20.00 - 08.00. I vekene er det også dag- og seinvakter på God Start Eid

Med ei kombistilling legg ein til rette for god utveksling av fag og erfaring på tvers av avdelingane. 

God Start Eid har eit jordmorsenter, ein barseleining og følgeteneste. Jordmorsenteret tilbyr jordmødre svangeskapskontrollar, ammekurs og fødselsforebuande kurs.
God Start har poliklinikkar som ultralydpoliklinikk, ammepoliklinikk, barselpoliklinikk og svangerskapspoliklinikk.

Barseleininga har fire familierom.

Følgetenesta dekker Nordfjorddistrikta - Stadt, Måløy, Selje, Stryn og Gloppen.


Arbeidsoppgåver

  • Jordmoroppgåver KK Førde
  • Jordmoroppgåver God Start Eid
  • Følgeteneste God Start Eid
  • Allsidig og brei oppfølging av gravide/fødande/barsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor.
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar.
  • Klinisk erfaring frå fødsels- og barselomsorg
  • Erfaring innanfor gynekologi er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Fagleg engasjert og interessert
  • Initiativrik og handlekraftig
  • God pasienthandsaming
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
  • Arbeider godt i team
  • Pendling må vere greit

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjon-og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og tett samarbeid mellom legar, jordmødre og andre faggrupper
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein spennande og utfordrande jobb, med moglegheit for utvikling.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Fraas Øren, Kst. seksjonsleiar, 959 67 753

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4883614695

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
380637393
Sist endret
18. nov. 2024 09:03