Helsefagarbeidar 100 % stilling

Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100 % stilling
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og har ei særleg interesse for arbeid med born og unge? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi har ei 100 % stilling ved avdeling barne- og avlastingstenester, og søkjer primært etter helsefagarbeidar , men andre med tilsvarande utdanning kan og verte vurderte. Stillinga er ledig frå og med d.d.

Eining Bu- og Rehabilitering yt i tillegg til barne -og avlasingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsvariasjonar og inkluderer mellom anna fleire buelleskap, dagsenter og  avdeling for psykisk helse og rus. 


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til at brukarane får dekka sine behov, sikre fokus på målretta miljøarbeid
  • Ivareta brukar sine ressurser, arbeide for at brukar skal meistre og ha god livskvalitet
  • Ansvar for å utarbeide tiltak, og følge opp desse, utarbeiding av prosedyrer og kjennskap til vedtak etter Khol kap 9
  • Bidra til å sikre brukarmedverknad
  • Eventuelt Legemiddeladministrasjon
  • Oppfølging og samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar
  • Samarbeid med pårørende
  • Primær- og/eller sekundærkontakt arbeid
  • Deltaking på samarbeidsmøter, ansvarsgrupemøter og liknande
  • Anna arbeid delegert frå leiar
  • Eventuelt koordinatorfunksjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar eller anna tilsvarande utdanning med norsk autorisasjon
  • Relevant praksis med brukergruppa
  • Kunnskap til gjeldande lovverk inkludert hotl kapittel 9
  • God digital kompetanse
  • Førarkort klasse B 
  • Det er krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du har ei særleg interesse for å arbeide med målgruppa
  • Du er ein trygg vaksen og har gode omsorgsevner
  • Du er god til å samarbeide på tvers, både med kollegaer, brukarar og pårørande
  • Du kan arbeide godt sjølvstendig, samtidig  samarbeide godt i team
  • Du er strukturert og systematisk
  • Har pågangsmot og kan handtere og stå i utfordrande situasjonar
  • Du er lojal, fleksibel og løysningsorientert
  • Du har god omstillingsevne
  • Du er ikkje redd for å ta i et tak
  • Du er fagleg engasjert og held deg fagleg oppdatert
  • Du er aktiv bidragsytar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Velle, avdelingsleiar, 94156291, elisabeth.velle@sykkylven.kommune.no

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4884991118

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
381069622
Sist endret
18. nov. 2024 09:47