Vernepleiar/Miljøterapeut 100% fast Bu- og habilitering

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Stillingstittel
Vernepleiar/Miljøterapeut 100% fast stilling
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillingar

  • Faste vernepleiar stllingar på 100 %
  • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål.
  • Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.
  • Eininga kan tilby ulike arbeidstidsordningar som døgnvakter, lange vakter med arbeid kvar 4. helg, samt ordinær todelt turnus med arbeid kvar 2. eller 3. helg. 
  • Søkjarar må spesifisera kva arbeidstidsordning dei føretrekk. 

       Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar. Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.

           Søkjarar må ha sertifikat på bil

 

  Eigenskapar

  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
  • Kunna takla utfordrande adferd.

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
381085546
Sist endret
18. nov. 2024 10:07