Helsesekretær/helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Laboratoriet ved Odda sjukehus
- Stillingstittel
- Helsesekretæt/Helsefagarbeider
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!
Laboratoriet i Odda er ein del av avdelinga for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Vi har ledig vikariat som helsesekretær/helsefagarbeidar.
Laboratoriet har døgnkontinuerlig drift, men denne stillinga inngår ikkje i turnusordninga. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar, i tillegg til tapping av blodgivarar.
Kvifor velje Odda og oss?
- Gode kollegaer: Vi er eit lag som støttar og løftar kvarandre.
- Spektakulær natur: Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakkpadling, sykling, fruktgårdar og mykje meir. Perfekt for deg som elskar friluftsliv og naturopplevingar.
Ta kontakt!
Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. Send gjerne søknaden din – kanskje er det akkurat deg vi ventar på!
Les meir om kva Odda har å by på:
hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasienter
- Tapping av blodgivere
- Bruk av enkle pasientnære instrumenter
- Andre oppgåver etter opplæring
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær eller helsefagarbeider med norsk autorisasjon
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig, ansvarsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4880224448
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
- FINN-kode
- 381096899
- Sist endret
- 19. nov. 2024 08:04