Inaktiv
Reinhaldar
- Arbeidsgiver
- Ål kommune Reinhald
- Frist
- 01.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ein av dei dyktige medarbeidarane våre går no av med pensjon og me har difor ledig ei fast 100 % stilling som reinhaldar.
Avdeling reinhald består av 24 fast tilsette medarbeidarar og 10 tilkallingsvikarar.
Me utfører reinhald i alle kommunale bygg: barnehagar, skular, idrettshallen, kulturhuset, Tingstugu, Ål Helsetun m.m.
Me ynskjer at du:
- har relevant arbeidserfaring som reinhaldar
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er løysingsorientert
- er ryddig, fleksibel og positiv og har vilje og evne til å bidra til kontinuerleg forbetring
- har førarkort klasse B
Me legg vekt på at du som person er eigna for oppgåvene.
Me tilbyr:
- ein meiningsfylt jobb med ansvar og varierte oppgåver
- eit kompetent og triveleg arbeidsmiljø
- gunstig pensjonsordning i KLP
- arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Torget 1, 3570 Ål
- Stillingsfunksjon
- Renhold, Annet
- FINN-kode
- 381109519
- Sist endret
- 19. nov. 2024 09:29