Sommarjobb for IT-studentar
- Arbeidsgiver
- Digitaliseringsdirektoratet
- Stillingstittel
- FEL FUT DigdirCamp 2025
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ønsker du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Sogndal på Vestlandet. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete programmeringsoppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID.
I tillegg til spennande faglege utfordringar legg vi vekt på at studentcampen skal gi deg sosiale og spennande opplevingar i hjartet av Sogn. Vi legg derfor opp til at du skal ha det kjekt også utanfor arbeidstida medfelles innkvartering og tilrettelegging for fritidsaktivitetar. Digdir tek delar av kostnaden med overnatting under sommarcampen.
Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2025.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling.
Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.
Arbeidsoppgåver
Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i Digdir. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.
Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer de korleis de jobbar med oppgåvene og kva for løysingar de foreslår.
Vi tilbyr deg
- lønn i lønnstrinn 44 som svarer til ei årsløn på kr 460 600
- eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
- gode moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen
- ei supergod kantine
- å få jobbe på ein spennande arbeidsplass med stor grad av fridom slik som denne karen (klikk på video) -- https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q
Her finn du meir informasjon om DigdirCamp 2025
Korleis søkjer du?
Send inn din søknad via rekrutteringsverktøyet Jobbnorge. Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.
Vi treng også informasjon om du ønsker felles innkvartering, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss.
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Er dette interessant og du ønsker meir informasjon, kontakt gjerne
Systemutviklar Hallvard Bjørdalsbakke
E-post: hallvard.bjordalsbakke@digdir.no
Telefon: 417 49 924
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 8
- Sted
- Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Stillingsfunksjon
- IT utvikling / Utvikler (generell)
- FINN-kode
- 381114359
- Sist endret
- 18. nov. 2024 12:56