Overlege i Bryst- og Endokrinkirurgi

Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Bryst- og Endokrinkirugi, Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege i Bryst- og Endokrinkirurgi
Frist
30.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for Bryst- og Endokrinkirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk, Haukeland Universitetssjukehus. Aktiviteten i avdelinga dekkar alle område innan utgreiing og behandling for fagområdet Bryst- og Endokrinkirurgi (brystkreftkirurgi/ thyreoidea- og parathyreoideakirurgi/ binyrekirurgi). Vi har oppgåver som lokalsjukehus i Helse Bergen og Regionsjukehus i Helse Vest. Avdelinga har eit veletablert tverrfaglig samarbeid klinisk og forskningsmessig innan brystkreft og endokrinkirurgi. Vi har kvart år om lag 700 inngrep på bryst, 400 inngrep på thyreoidea/parathyreoidea og 30-40 inngrep på binyrer. Det er årleg om lag 7000 polikliniske konsultasjonar. Utanom klinisk arbeid knytt til sengepost, poliklinikk og operasjon, vil den som vert tilsett også ha oppgåver knytt til forskning, kompetanseheving, utdanning, undervisning av studentar og rettleiing. Den som vert tilsett må vera spesialist i Bryst- og Endokrinkirurgi. Vidare legg vi vekt på gode evner til kommunikasjon og evne til samarbeid internt i avdelinga og tverrfagleg innan sjukehus, region og nasjonalt.


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid knytt til visitt på sengepost, poliklinikk og operasjon
  • Oppgåver knytt til kompetanseheving, utdanning, undervisning og rettleiing
  • Oppgåver knytt til kvalitetsutvikling
  • Bakvakt, 8-delt, innan Bryst- og Endokrinkirurgi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • Gode datakunnskapar
  • Spesialist i Bryst- og Endokrinkirurgi

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Kan prioritere når situasjonen krev det
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonseevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anette Heie, Avdelingssjef, 97647525, anette.heie@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4876804870

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ledelse, Lege
FINN-kode
381118441
Sist endret
19. nov. 2024 11:38