Barnevernkurator/kontaktperson 100% vikariat

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, Avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillinga

Barneverntenesta i Kvinnherad har ledig vikariat i 100% stilling som barnevernkurator /kontaktperson fom 01.01.2025 tom. 30.11.2025.

Barnevernstenesta er organisert i eining Barn og familie. Barnevernstenesta er i dag inndelt i fire team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Vi har 19 tilsette og barnevernleiar. Kommunen har barnevernvaktordning, der tilsette går inn i vaktordninga. Barneverntenesta er stadig i utvikling og endring, og dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi er ei teneste med et godt arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse. Barneverntenesta er utviklingsorientert og har dei siste åra starta fleire faglege prosjekt. Desse bidreg til fokus på å levere gode, faglege tenester og hjelpetiltak. Tilsette får opplæring i samtalar med barn.  

 Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Sakshandsaming etter barnevernlova 
  • Undersøking av bekymringsmeldingar 
  • Oppfølging av barn og unge og deira familiar 
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar 
  • Journalføre og dokumentere via fagsystemet 
  • Møte som partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda, samt andre rettsinstansar 
  • Delta i barnevernvaktordning 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer medarbeidar med 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med relevant høgskuleutdanning kan og søkje.

  • Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
  • Ynskjeleg med barnevernfagleg vidareutdanning
  • Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt
  • Gode norskkunnskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Gode samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne til å vere ein relasjonsbyggjar
  • Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom
  • Kan handtera arbeidspress og stor arbeidsmengde
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til fleksibilitet og endring
  • Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon.

Vi tilbyr

  • Spennande, utfordrande arbeidsdagar der ingen dag er lik. 
  • Fagleg rettleiing individuelt og i gruppe, samt ekstern rettleiing. 
  • Eit fagmiljø med fokus på kompetanseheving og personleg utvikling. 
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Flotte, nyoppussa lokale midt i Husnes sentrum. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 
  • Fleksibel arbeidstid. 
  • Det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid. 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog
FINN-kode
381132064
Sist endret
18. nov. 2024 02:50