Vitskapleg assistent ved Senter for digitale forteljingar – 2 stillingar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Vitskapleg assistent ved Senter for digitale forteljingar – 2 stillingar
Frist
15.12.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Vitskapleg assistent ved Senter for digitale forteljingar – 2 stillingar 

Velkomen som søkjar til to mellombelse 20 % stillingar som vitskapeleg assistent ved Senter for digital forteljingar (CDN). Stillingane er for ein åremålsperiode på 1 år, med moglegheit for forlenging. Planlagd oppstart er 1. februar 2025. Den eine stillinga er tilsett ved CDN, eit norsk senter for fremragende forsking, og den andre stillinga ved forskingsprosjektet Extending Digital Narrative (XDN), begge er leia av professor Scott Rettberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. 


Om instituttet og senteret 

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium tilbyr forskingsbasert undervising innan eit bredt spekter av studieprogram, inkludert digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, samanliknande litteratur, lingvistikk, skandinaviske språk og litteratur, norrøne studium, og norsk som andrespråk og norskkurs for internasjonale studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsstad er ved Senter for digitale forteljingar, Universitetet i Bergen. Senteret fokuserer på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialiteter, og kulturelle kontekster i endring. Vi undersøkjer korleis samspelet mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar resulterer i nye forteljingsformer, korleis materialiteten til digitale forteljingar endrar, og korleis kulturelle kontekster endrar digitale forteljingars bruk og funksjon. “Extending Digital Narrative” (XDN) er eit fireårig grunnforskingsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. XDN bringar ein eksperimentell tilnærming til humanistisk forsking, og analyserer samtidens nye former for digitale forteljingar. Dette inkluderer sjangrar som er i utvikling, som utvida røynd, samtaler med digitale karakterar og forteljingar skapt med AI.


Arbeidsoppgåver

Dei to utlyste stillingane har følgande innhald:

Stilling 1 - 20 % (CDN): Redaksjonelt arbeid 
Denne stillinga vil primært innebera redaksjonelt arbeid med publikasjonar og databasar, til støtte for tidsskriftet Electronic Book Review og andre prosjekter i CDNs Publikasjons- og Infrastrukturgruppe (PAIG). Den vitskaplege assistenten vil samarbeide med leiar for CDNs PAIG-gruppe Hannah Ackermans, leiar for Electronic Literature node professor Joseph Tabbi, redaktør for Electronic Book Review Anna Nacher, og andre om redaksjonelle oppgåver og relaterte administrative oppgåver.

Stilling 2 - 20 % (XDN): Dokumentering av nye sjangre

Denne stillinga vil primært fokusere på å samle inn og dokumentere kildemateriale fra narrative praksisar på plattformer for kunstig intelligens, utvida røynd og konversasjonsgrensesnitt. Den vitskaplege assistenten vil ha ansvar for å forske på og rapportere om sentrale verk og kritikk av digital litteratur som bruker nye plattformer, og dokumentere dem. Den vitskaplege assistenten vil samarbeide med professor Scott Rettberg og andre medlemmer av XDN-teamet om arrangementsstøtte og andre administrative oppgåver.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå.
  • Arbeids- eller forskingserfaring relatert til den spesifikke rolla.
  • Svært gode datakunnskapar.
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Flytande engelsk, munnleg og skriftleg.
  • Norsk språkkunnskap er ønskjeleg, men ikkje nødvendig.
  • Organisert, påliteleg og ressurssterk.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Løn tilsvarande lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019). Dette utgjer for tida ei brutto årslønn på kr. 448 900 i full stilling. Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020). Dette utgjer for tida ei brutto årslønn på kr. 509 300 i full stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga: 

Søknader må skrivast på engelsk og sendast elektronisk via lenka “SØK STILLINGA” på denne sida. Søknaden må inkludere:

  • Søknadsbrev. I brevet skal du oppgi kva for ei av stillingane du søkjer på, og kvifor du er kvalifisert.
  • CV.
  • Vitnemål og diplomar frå universitet/høgskular og sertifikat (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansar.
  • Ei liste over eventuelle publikasjonar i ditt namn.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Scott Rettberg på telefon: +47 55 58 22 64, eller e-post: scott.rettberg@uib.no

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Langes gate 1-3, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
381205044
Sist endret
19. nov. 2024 12:32