Fagarbeidar

Arbeidsgiver
Florø ungdomsskule
Stillingstittel
Fagarbeidar
Frist
24.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi søker etter inntil 2 fagarbeidar i 80 % vikariat ved Florø ungdomsskule. Florø ungdomsskule har til hausten ca. 460 elevar i 17 klassar og rundt 80 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling, m.a. med arbeid etter MAKSIS -modell på fleire av fagseksjonane og andre felles utviklingsprosjekt. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping og individuelt, i forhold til eigen praksis. Sammen med dei andre skulane i Kinn arbeidar vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i faga norsk, engelsk og matematikk. I tillegg er teknologi eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar som engasjerar og inkluderar. Skulen har eit eige miljøteam. 

Vi søker etter engasjerte fagarbeidarar med gode evner til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldane ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referansar. 

Arbeidsoppgåver

Delta i skulen si samla miljøsatsing for eit godt, trygt og inkluderande skulemiljø
Hjelpe elevar som har behov for støtte i læringsaktivitetar 
Planlegge, gjennomføre og evaluere ulike miljøtiltak på skulen
Støtte elevane i samvær med andre elevar.
Ta regi på turar og utflukter
Delta i det profesjonsfaglege utviklingsarbeidet

Kvalifikasjonar

Fagarbeidar for barn og unge
Erfaring frå direkte arbeid med barn og unge (fortrinnsvis ungdomsskule)

Relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing
Interesse og engasjement for mangfaldet i elevgruppa

Erfaring gjennom direkte arbeid med ungdom som har sosiale, emosjonelle og -eller kognitive vanskar. 

Evne til å kommunisere godt med unge, også på digitale plattformer

Personlege eigenskapar

Eit verdigrunnlag som verdset mangfaldet
Gode samarbeidsevner
Engasjement til å skape gode lærings-og utviklingsvilkår for ungdom
Oppteken av eiga læring og utvikling, og trivast i eit miljø som gjev deg høve til dette 
Evne til å reflektere over eigen praksis i samspel med med unge og vaksne
Initiativrik og stor arbeidskapasitet 
 
Personleg kvalifikasjon vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr

Løns-og pensjonvilkår i henhold til avtaleverk.
Tilgang til god kompetanseutvikling.
Eit spanande og dynamisk kollegium.

Kontaktinformasjon

Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981

Arbeidsstad

Hans Blomgate 42

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune


Referansenr.: 4886782826

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Søknadsfrist: 24.11.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hans Blomgate 42, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
381217536
Sist endret
19. nov. 2024 01:23