Vikarlege ved Herøy legesenter

Arbeidsgiver
Herøy kommune, avdeling for legeteneste
Stillingstittel
Vikarlege ved Herøy legesenter
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi søker ein engasjert og dyktig lege som fastlegevikar for ein av våre ALIS-legar som no skal ut i sju månaders institusjonstjeneste frå 1. mars til 1. oktober 2025.

Herøy legesenter har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning og startar 2025 med faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.

Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom jamlege legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke hos spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på 640 personar. I tillegg blir du helsestasjonslege kvar onsdag i 20 prosents stilling.

Vi eig og driv kontoret og som næringsdrivande får du ein svært gunstig leigeavtale. Dersom du ynskjer å vere ALIS-lege kan du velje gunstig fastlønsavtale med aktivitetsbasert løn (incentiv).

Vi har i tillegg til Herøy legesenter, to legekontor til. Myrvåg legesenter har fire fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1, og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Vi har eigne sjukeheimslegar.

Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda, den er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 50 legar som deler på vaktene. På kveld og dagtid helg er det alltid to legar på vakt. På natt er det baktvaktordning for dei som ikkje har sjølvstendig bakvaktkompetanse. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som køyrer og er med på alle oppdrag. Som lege jobbar du aldri åleine.

Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf 

Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 47 kilometer frå Herøy legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.


Arbeidsoppgåver

  • fastlegevikar (med tenestene som følger av Forskrift om fastlegeordningen i kommunene)
  • deltakar i interkommunal legevakt etter gjeldande avtalar
  • helsestasjonslege i 20 prosent av stillinga

Kvalifikasjonar

  • Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for legar
  • Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men det er ikkje eit krav.
  • Du må ønske å bidra i eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen.

Du må legge fram godkjent politiattest av nyere dato (ikkje eldre enn tre månader) før oppstart.

Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å vere fastlege eller ynskjer å bli det.
  • Det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ynskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i felleskap med andre.
  • Du ynskjer å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som saman utviklar legetenesta i kommunen.
  • Du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det.
  • Du har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du må ha god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • eit vikariat på sju månader der du får velje mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fast løn
  • gode lokale/utstyr
  • hjelpepersonell med lang erfaring
  • framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvart 14. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter
  • ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
  • 8:2-avtalar for næringsdrivande (jamfør SFS 2305) der kommunen dekker ein del av kostnadane

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Jørn Kippersund, Fastlege og rettleiar, +47 92222166

Aina Huldal, Avdelingsleiar legetenesta, +47 41403350

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11

6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4882019377

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 09.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
381220401
Sist endret
20. nov. 2024 01:15