Byggesaksbehandlar
- Arbeidsgiver
- Nissedal kommune
- Stillingstittel
- Byggesaksbehandlar
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du vår nye, engasjerte byggjesaksbehandlar?
Interkommunalt plankontor for Nissedal og Kviteseid søkjer ein dyktig byggjesaksbehandlar til kontoret vårt i vakre Treungen.
Avdelinga er organisert under plansjef for interkommunalt plankontor med ansvar for kart, oppmåling, byggjesaker, tilsyn, planarbeid, rettleiing med meir. Stillinga inngår i eit team på 5 medarbeidarar, og med eit tett tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt.
Kommunen er i stadig utvikling og jobbar med å vera ein attraktiv bukommune med gode levevilkår og næringsutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Plan og byggjesaksbehandling, inkludert handtering av klagesaker, lovbrot, delesaker og saker etter forureiningslova.
- Rettleiing om regelverk og søknadsprosessar for byggjesaker
- Matrikkelføring
- Utføring av dokumenttilsyn og tilsyn både utvendig og innvendig i bygg på byggjeplassar.
- Saksførebuingar til politisk behandling, dispensasjonar, lovbrot og tilsyn
- Systematisk internkontroll for plan og byggjesak
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Relevant universitet/høgskuleutdanning
- Relevant realkompetanse og erfaring som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, kan kompensera for høgare utdanning
- Kjennskap til plan- og bygningslova
- God forståing og interesse for juridisk metode og tolking av regelverk
- God digital kompetanse
- Erfaring frå offentleg forvaltning, bygg/anlegg eller liknande er ein fordel
- Serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner
- Strukturert og systematisk
- God arbeidskapasitet og fagleg oppdatert
- Sosialt interessert og godt humør
- Fleksibel, endringsvillig og
- Utviklingsorientert
- Trygg i tilsyn og styresmaktsrolla
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Fullført kurs i matrikkelføring er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i heilskapsvurderinga av søkjarane.
- Konkurransedyktig lønn etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk basert på utdanning og formell kompetanse.
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
- Gode pensjons og forsikringsordningar gjennom KLP
Dokumentasjon: me ber om at vitnemål og attestar blir lagt ved søknaden for best og raskast mogleg saksbehandling. Vitnemål og attestar dannar også grunnlag for fastsetjing av lønn.
Kontaktinformasjon
Mona Helen Stenberg Straume, Plansjef for Nissedal og Kviteseid, +47 35 04 84 34Arbeidsstad
Treungvegen 3983855 TREUNGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4887197685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Treungvegen 398, 3855 Treungen
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Rådgivning, Ingeniør
- FINN-kode
- 381237829
- Sist endret
- 20. nov. 2024 06:59