Vernepleiar og sjukepleiar. Psykiatrisk klinikk, Regional sikkerheitspost og PBU ungdomspost
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Vernepleiar og sjukepleiar. Psykiatrisk klinikk, Regional sikkerheitspost og PBU ungdomspost
- Frist
- 03.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.
Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. For desse stillingane er det krav om norsk autorisasjon.
Psykiatrisk klinikk har ledig faste stillingar ved:
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1
* Seksjon for alderspsykiatri
* Avdeling Stemningslidingar, S1
* Tidleg psykose Sandviken, TPS
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS)
Klinikk Psykisk helsevern har ledig fast stilling ved:
* PBU, Ungdomspost
Klinikk for sikkerheitspsykiatri har ledig fast stilling ved:
* Regional sikkerheitspost (RS)
For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordras menn om å søke.
Arbeidsoppgåver
Psykiatrisk akuttmottak (PAM1) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt 2-delt turnus og kvar 3. helg
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Avdeling alderspsykiatri held til på Haukelandsområdet og har lokalisering i Glasblokkene og er ein døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar. Vi har ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå snarast til 01.06.2025 på alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Etter endt vikariat vil ein få vidare 100% fast stilling ved avdelinga eller ved ei anna avdeling i psykiatrisk klinikk.
Kontakt: Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187
Avdeling for Stemningslidingar (S1) tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein sjukepleiar og ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt. 2-delt turnus og kvar 3 helg.
Kontakt S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722
Kvalifikasjonar (overskrift)
Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år. Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving. Vi søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt 2-delt turnus og kvar 3 helg
Kontakt: Cathrine Mjøs Kristiansen, Tlf. 55958827/ 40491598 eller Kjersti Valestrand Bjørnstad, Tlf. 95725124
Avdeling spiseforstyrringar har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. Vi søker etter sjukepleiar, 2. delt turnus og kvar 4. helg.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Ungdomspost er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Oppgåvene våre er utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Posten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna.
Vi søker erfaren, engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar eller vernepleiar til 100% faste stillingar, pt 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten. Du har evne til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar. Du er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling. Som tilsett på Ungdomsposten blir fagdagar lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov for, rettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke, 2 dagars grunnkurs i Map trening (møte med aggresjons-problematikk) og regelmessig Map trening ligg fast i turnus. For å få ein variert balanse i personal-gruppa oppfordrast menn til å søke. Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Kontakt: Astrid Bjorøy, Tlf. 55975844 eller Ingunn Prestegard, Tlf. 55976399
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Regional sikkerheitspost (RS) har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og pt 3. kvar helg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd. Våre sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordras menn om å søke.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten og bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller vil få dette desember 2024/januar 2025
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdande
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personelege eigenskapar
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4886678002
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381238927
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:02