Lærar

Arbeidsgiver
Sevland skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
05.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vikariat som lærar på mellomtrinnet – skap meistring og trivsel i klasserommet!

Sevland skule er ein flott barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert på Karmøy med kort avstand til vakre naturområde og eit stort, fantastisk uteområde på skulen! Skulen har om lag 150 elevar fordelt på åtte klassar, med ein klasse per trinn i tillegg til ein introduksjonsklasse som er eit tilbod til elevar som ikkje snakkar norsk, og som har flytta eller flykta hit. I introduksjonsklassen får elevane intensiv norskopplæring før dei begynner på sine nærskular.

Skulen har eit positivt personale med 25 tilsette, både pedagogar, miljøarbeidarar og miljørveiledarar, samt to dyktige medarbeidarar som har språkpraksis her to dagar i veka. Alle desse vaksne arbeidar for å skape ein trygg og inkluderande skule og SFO. Det populære SFO-tilbodet på Sevland skule har rundt 51 elevar.

Sevland skule har eit stort fokus på at elevane skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø. Elevane våre skal kjenne seg trygge, verdifulle og inkluderte i fellesskapet. På skulen vår har personalet det sosialt og kjekt saman på jobb. Personalet er delt inn i to team som jobbar tett saman for å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø. Det er mykje humor og varme på arbeidsplassen, noko som smittar over på elevane våre.

Vi søkjer etter tre pedagogar til eit vikariat som vil arbeide på mellomtrinnet, men justeringar kan førekomme etter kvalifikasjonar. Som lærar i Karmøyskulen blir du ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsvilkår for barn og unge i Karmøy kommune. Vi søkjer deg som har eit inkluderande elevsyn og som er i stand til å sjå den enkelte elev. Meir informasjon om skulane i Karmøy kommune finn du på kommunen si heimeside. På skulen vår blir alle møtt med høge og positive forventningar. Som lærar hos oss skal du vere med å støtte elevane i undervisninga, både på individ- og gruppenivå. Du skal saman med teamet arbeide for å skape eit godt læringsmiljø og god fagleg utvikling for elevane våre. “Eg vil - eg kan - eg er noko” er vårt motto! .


Arbeidsoppgaver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i samsvar med læreplanane og skulen sine pedagogiske mål.
  • Vurdere elevar si læringsutvikling og tilpassa undervisninga etter individuelle behov.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Samarbeide med kollegaer og føresette for å sikre god oppfølgjing av elevane.
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid.
  • Administrative oppgåver knytta til planlegging, vurdering og rapportering.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent undervisningskompetanse  ihht. opplæringslova.
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Tydeleg klasseleiar.
  • Kunnskap om gjeldande læreplanar og forskrifter.
  • Ønskeleg med erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • IKT-kompetanse og erfaring med digitale verktøy i undervisninga.
  • Evna til å tilpasse undervisning etter elevane sine behov.
  • God kompetanse til å skape relasjoner.

Personlige egenskaper

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God kompetanse til å skapa relasjonar.
  • Strukturert og sjølvstendig.
  • Fleksibel og løsningsorientert.
  • Kunne gi og ta imot veiledning.

Det blir lagt vekt på personleg eigenskap.

Vi tilbyr

  • Engasjerte og dyktige skoleleiarar.
  • Godt arbeidsmiljø og kollegaer som brenn for pedagogisk utviklingsarbeid.
  • God veiledning og oppfølging av nyutdanna.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Generelle lønnsplasseringar i henhold til Hovudtariffavtalen.

Tilsettijng på dei vilkår og avtalar som gjeld innanfor skulefeltet. Det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Bakke, Rektor, 52811765

Arbeidssted

Vestre Veaveg 32

4275 Sevlandsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Karmøy kommune


Referansenr.: 4884961532

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 17.12.2024

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 05.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Vestre Veaveg 32, 4275 Sævelandsvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
381241046
Sist endret
20. nov. 2024 07:03