Ledig styrarstilling i Enge barnehage
- Arbeidsgiver
- Etne kommune Oppvekst og kultur
- Stillingstittel
- Styrar i Enge barnehage, 100% fast
- Frist
- 06.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vera med å forma framtid?
Enge barnehage søkjer ein engasjert og dyktig styrar som brenn for utvikling, kvalitet og gode oppvekstvilkår for borna våre. Enge barnehage er ein barnehage med 6 avdelingar og 30 tilsette. Barnehagen har avdelingar med små og store og jobbar etter «Vera saman» tankesettet. Enge barnehage har assisterande styrar i 40%. Det er eit godt arbeidsmiljø, der me legg stor vekt på tryggleik, trivsel og læring gjennom leik.
I kommunen har me verdiane Trygg – Raus – Engasjert i botn for arbeidet vårt. Gjennom ei trygg, raus og engasjert haldning legg me til rette for eit inkluderande miljø der samarbeid og samskaping står sentralt.
I Etne kommune har me eit tett samarbeid mellom barnehage, skule og kultur.
Arbeidsoppgåver- Leia og utvikla det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Personalansvar og oppfølging av tilsette
- Økonomistyring og administrasjon
- Samarbeid med foreldre
- Bidra til eit godt og trygt læringsmiljø
- Relevant pedagogisk utdanning
- Leiarerfaring, gjerne frå barnehage eller anna relevant sektor
- Kjennskap til lov- og regelverk som gjeld for barnehagedrift
- Gode kommunikasjonsevner
- Du er strukturert og målretta
- Du evnar å inspirera og motivera andre
- Du har eit varmt og inkluderande menneskesyn
- Du er fleksibel og løysningsorientert
- Du har evne og vilje til samarbeid
- Du har eit stort engasjement for læring og utvikling
- Eit særs positivt og samarbeidsorientert arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjoarvegen 2, 5590 Etne
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 381253250
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:21