Sjukepleiar natt - Stranda omsorgssenter

Arbeidsgiver
Stranda distrikt, Stranda kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar natt - sjukeheimen
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 80 %  nattevaktstilling som sjukepleiar på Stranda omsorgssenter frå 10.02.25. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging. 

Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD. Vi har også ansvar for heimebuande med kommunale tenester og Solbakken omsorgsbustad. 

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar
  • Kartlegge, vurdere og igangsette målretta sjukepleietiltak
  • Samarbeid og samhandling internt og på tvers av avdelingane
  • Per tida turnus med arbeid tredje kvar helg

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
  • Grunnleggande datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • Ynskje om å jobbe med eldre og vere opptatt av høg fagleg kvalitet
    Evner til å jobbe godt i team, men også  sjølvstendig
    Ansvarsbevisst, ryddig og ha godt humør
    Bidra til godt arbeidsmiljø
    Det er flott med relevant erfaring, men nyutdanna er hjarteleg velkomne

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
Treningsrom for tilsette
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Funksjonstillegg
Lønn etter tariff
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentlig tenestepensjon
 

Kontaktinformasjon

Marita Solli, Fagleiar, +47 46411448

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune


Referansenr.: 4887354558

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 10.02.2025

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sted
Nymarkvegen 58, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
381256559
Sist endret
30. jan. 2025 08:34