Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Bemanningssenteret, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 04.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ser du etter 100% fast stilling som sjukepleiar med moglegheit til å påverke din eigen turnus?
Bemanningssenteret i Helse Førde har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 06.01.2025 eller etter avtale.
Vi formidlar pleiepersonell til helseføretaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær.
Som sjukepleiar i Bemanningssenteret, vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ein unik moglegheit til å utvikle ein brei og allsidig fagkompetanse.
Du vil få opplæring i 1-4 avdelingar som du skal jobbe på og tilgang på eit mangfald av kollegaer som hjelper deg å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov samt vere med på å utarbeide eigen turnusplan. Vi tilbyr eit rekrutteringstillegg på kr 23.000,- for sjukepleiarar i Bemanningssenteret.
For meir informasjon om Helse Førde - sjå her.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar innan fleire fagfelt ved ulike avdelingar (poliklinikk og sengepost)
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Dekke bemanningsbehov for kortare eller lengre periodar
- Vere ein del av arbeidsfellesskapet i seksjonane
- 3-delt turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team, og at du kan kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkuderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for oss
Vi tilbyr
- Rekrutteringstillegg for sjukepleiarar i Bemanningssenteret kr 23.000,- pr år i 100% stilling , tillegget blir redusert ved lågare stillingsandel
- Ein utfordrande og variert jobb
- Nært samarbeid med andre faggrupper og fagleg utvikling
- Internundervisning, fagdagar, rettleiing og refleksjonsarenaer
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mette-Lise Sørland, Seksjonsleiar, 578 31 546Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4887274239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381258980
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:22