80 % sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta
- Arbeidsgiver
- Stranda distrikt, Stranda kommune
- Stillingstittel
- Stranda distrikt - 80 % stilling sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta
- Frist
- 04.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer etter 80 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt . Arbeidstid etter ei kvar tid gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår. Vi søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss i heimetenesta. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt brukarane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til brukarar med varierande behov.
- Dokumentasjon i pasientjournal.
- Medikamenthandtering.
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukar, pårørande og kollegaer.
- Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Fagleg engasjement.
- Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Søkjar må ha sertifikat.
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner.
- Sjølvstendig og målretta.
- Evne til å samarbeide med andre.
- Fagleg dyktig og engasjert med særleg interesse for eldreomsorg.
- Positiv i møte med brukarar og kollegaer.
- Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- God opplæring.
- Godt fagleg miljø.
- Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer.
- Funksjonstillegg.
Kontaktinformasjon
Astrid Helene Ringdal, Fagleiar, +47 46411156Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4887371045
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nymarkvegen 58, 6200 Stranda
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 381259923
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:24