100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Rabben barnehage
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Rabben barnehage
- Frist
- 08.12.2024
Beskrivelse
Det er ledig 100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeider i Rabben barnehage frå 01.12.24 - 31.07.25, med mogelegheit for forlenging. Andre med interesse for arbeid med barn kan også søke.
Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!
Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.
Vi ynskjer oss ein barne og ungdomsarbeider som likar å arbeide med barn og har eit positivt barnesyn. Du likar å samarbeide med andre, er robust, omsorgsfull og tolmodig. Har evne til å skape gode relasjoner og være løysingsorientert. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg faglig og arbeide for eit godt arbeidmiljø.
Arbeidsoppgåver:
vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet
ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette
Ynskte kvalifikasjonar:
barne- og ungdomsarbeidar
erfaring frå arbeid med barn og unge
Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr:
Interessant og spennande arbeid med barn og unge
Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Gode norskkunnskapar, minst tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd
Godkjent tuberkulinstatus
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 381262134
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:28