Inaktiv

Ledig stilling

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Brann og Redning
Stillingstittel
2 faste deltids stillingar som brannkonstabel
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

 

Leitar du etter ein spanande, lærerik og samfunnsnyttig deltidsjobb, og vil trygga lokalsamfunnet ditt? Då er du personen me søkjer etter.

Lærdal brann og redning har 2 ledige deltidsstillingar for snarleg tilsetting.

Lærdal brann og redning har sløkke og beredskapsansvar for akutte hendingar i Lærdal kommune. Lærdal og Årdal kommunar samarbeider innan brann og redning og har godt kompetente mannskap og ressursar for utfordringar som kan treffa kommunane.

Personellet har månadlege øvingar basert på hendingar som kan inntreffa.

Krav til stillingane
• Tilfredsstilla fysiske og medisinske krav til røykdykking.
• Bu- og arbeidsstad i nærleiken til brannstasjonen vil bli vektlagt. Responstida er 5 min.
• Deltaking i brannvernet krev skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgivar

Alle som arbeidar innan brann og redning må legge fram gyldig politiattest.

Ynskte kvalifikasjonar:
• Førarkort klasse C
• Relevant brann-/ beredskapserfaring
• Fyrstehjelpskompetanse
• Gode samarbeidsevner

Naudsynt intern opplæring vil bli gitt og lovpålagt utdanning gjennom Norges brannskule må gjennomførast.

Lærdal brann og redning vil spegle det norske arbeidslivet, og me ynskjer at kvinner vil vera med å bygge ein enno betre brann og redningsressurs i Lærdal.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Sikkerhet, Annet
FINN-kode
381266683
Sist endret
20. nov. 2024 07:43