Barnehagelærar i Selje barnehage
- Arbeidsgiver
- Selje barnehage, Stad kommune
- Stillingstittel
- Barnehagelærar i Selje barnehage
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 10.02.2025.
Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.
Barnehagen vår ligg i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Heidi Marie Løvold
Kontaktinformasjon
Heidi Løvold, styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.noArbeidsstad
Fv6326740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4885523893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fv632, 6740 Selje
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
- FINN-kode
- 381269385
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:36