Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
03.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. For desse stillingane er det krav om norsk autorisasjon.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • Kirurgisk serviceklinikk, Intensiv- og postoperativ avdeling, Thorax intensiv- og oppvakningsseksjon
  • Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling
  • Medisinsk klinikk, Seksjon for blodsjukdommar, Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisin 5 vest, Medisinsk undersøking
  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kreft post 2
  • Mottaksklinikken, Akuttmottak, Utgreiingsmottak 2
  • Revmatologisk avdeling, Revmatologisk poliklinikk/osteoporosesenteret
  • Hudavdelinga, Hud og revmatologisk sengepost, Hud poliklinikk og sengepost
  • Lungeavelinga, Lunge post 3
  • Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering


Stillingane er pt 3-delt turnsu og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt.. Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.

Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Intensiv- og postoperativ avdeling er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Kontakt: Benedicte Mjelde Vogt, Tlf 99642393 eller Mette Ravnøy, Tlf 97008914.

Thorax intensiv- og oppvakningsseksjon (TIO) ivaretar nyopererte hjarte- og lungepasientar. Vi behandlar og kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å dyktiggjerast i overvakingskompetanse til  postoperative- og intensivpasientar. Vi samarbeider også med intensiv- og postoperativ seksjon og hjelper kvarandre på tvers av avdelingar. Arbeidsoppgåvene består mellom anna i overvaking, sjukepleie og intensivbehandling til nyopererte hjarte, lunge, og karkirurgiske pasientar. Det er ønske om 2 års relevant arbeidserfaring frå overvakingsavdeling eller hjarteavdeling. Du vil få god opplæring og oppfølging. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med oss. 
Kontakt: Marianne K. Årvoll, Tlf. 97772254 eller Tine Lyssand Andersen, Tlf. 55970377/ 90667135.

Gastrokirurgisk avdeling er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Kontakt: Post 1: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408 Post 3: Marius Andreassen Tlf. 55973508.

Seksjon for blodsjukdommar har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi- og myelomatosepasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025 og treng fleire medarbeidarar. Vi er ein seksjon under utvikling med mange moglegheiter for nye utfordringar og spennande oppgåver. Vi søker fleire dedikerte og faglege dyktige sjukepleiarar til vår seksjon. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Vi ønsker deg som vil vere med på å gi våre pasientar den beste omsorgen. Kontakt: Ina Kobbeltvedt Endregaard, Tlf. 55973706/99498863 eller Mona-Helen Toftevåg, Tlf. 97636664.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisin 5 vest behandler primært infeksjonssjukdommar. Dei vanlegaste diagnosane er: pneumoni, UVI, erysipelas, endokarditt, sårinfeksjonar, importsjukdommar og tuberkulose. Pasientar med smittsam lungetuberkulose blir isolert på eit av postens to undertrykksisolat. Posten har også kritisk sjuke pasientar med sepsis som har behov for overvaking. I tillegg har posten ein del pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. Ved posten jobbar engasjerte overlegar, legar i spesialisering, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt studentar frå ulike faggrupper. 
Kontakt: Hege Cecilie Sørby, Tlf. 55973703/98662422.

Medisinsk undersøking, vårt fagområde er endoskopisk- og ultralydbasert utgreiing og behandling av gastroenterologiske sjukdommar og plager. Dagleg utfører ca 40-50 undersøkingar. I samarbeid med medisinske og kirurgiske legar, samt barnelegar og anestesipersonell sikrar vi heilhetleg omsorg til våre pasientar. Utanfor ordinær opningstid har vi eit vaktteam for akutte tilstandar som blødingar i mage- og tarmkanalen, fjerning av fremmedlegeme og andre hastesaker. Stillinga er fordelt med 80% knytt til medisinsk undersøkingsavdeling og 20% knytt til fellesvaktar i medisinsk klinikk. Dei fleste av fellesvaktene vil vere i eigen eining. Arbeidstid er frå 07.30-15.30 måndag til fredag. Nokre langvakter til 16.30. Heimevaktordning i eininga med beredskap utanom ordinær arbeidstid. Kontakt: Roy Cato Solheim, Tlf. 55972137.

Kreft post 2 er ein sengepost med 35 senger. Post 2 behandlar i hovudsak diagnosar knytta til kreft i hovud/hals, øvre mage/tarm. Avdelinga har regionsfunksjon og landsfunksjon innanfor einskilde diagnosar. Behandlinga som blir gitt er kurativ og pallitativ medikamentell kreftbehandling og strålebehandling, og biverknader knytta til sjukdom og behandling. Vi fokuserer på ein heilskapleg tverrfagleg tilnærming ovenfor pasient og pårørande med tverrfagleg samarbeid. Personalet er organisert i 4 diagnoseteam for å betre kunne ivareta kontinuitet i pasientbehandlinga. Vi søker etter sjukepleiar/kreftsjukepleiar med interesse for å arbeide i eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på god pasientomsorg. Kontakt: Birgitte Langøy Olsen, Tlf. 45860728.

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Robert Nekkøy, Tlf. 55972526.

Utgreiingsmottak 2 (UMO 2) har 18 senger og pasientar frå alle
fagområde. I halvparten av sengene er det pasientar frå medisinske
fagområde og halvparten gastrokirurgiske. UMO 2 er eit utvida mottak og
pasientane er akutt innlagde. Mange har uavklarte diagnosar og behov for vidare
utgreiing. Liggetid er inntil 3 døgn, og målet er rett diagnose så raskt
som mogleg og behandling på rett stad. Dette er ei eining med stor fagleg
breidde og mange varierte arbeidsoppgåver. Kontinuitet i
observasjonar og målingar er særs viktig i eininga. Pasientansvarleg
sjukepleiar, lege og anna helsepersonell arbeider saman i team. 
Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, Tlf 95890308.

Revmatologisk poliklinikk/osteoporosesenteret har ledig 100% vikariat som sjukepleiar i 1 år. Etter endt vikariat kan det vere aktuelt med vidare 100% fast stilling ved avdelinga eller ved Bemanningssenteret i føretaket.. 
Revmatologisk avdeling har ansvar for oppfølging av pasientar med revmatologiske sjukdommar i helseregionen. Opplæring, informasjon og hjelp til meistring står sentralt i arbeidet. Innanfor faget osteoporose er vi mellom landets største. Vi jobbar tverrfagleg med fleire yrkesgrupper. Vi ønsker sjukepleiar som ønsker varierte arbeidsoppgåver, faglege utfordringar og kan jobbe sjølvstendig. Arbeidsoppgåver vil vere måling med DXA maskinar, opplæring av pasientar, informasjon til pasientar og pårørande med stor fokus på førebygging. Du har erfaring med sjølvstendig sjukepleiefagleg arbeid. Du må ha gode datakunnskapar og vere god på kommunikasjon.
Kontakt: Kristin Selseng Soltveit, Tlf 92242414.

Hud poliklinikk/ Hud og Revmatologisk sengepost har ledig kombinasjonsstillingar som sjukepleiar med delt arbeidsstad mellom poliklinikk og sengepost. Den eine stillinga er 85% på hud poliklinikk og 15% på hud og revmatologisk sengepost med arbeid ca. kvar 4. helg på sengepost. Den andre stillinga er 50% på poliklinikk og 50% på sengepost med 3-delt turnus på sengepost., og ca. 4 veker på kvar stad. Hud poliklinikk inkluderer dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Avdelinga driv undervisning og er engasjert i ulike forskingsprosjekt.
Kontakt: Hud og revmatologisk sengepost: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944. Hud poliklinikk: Trude Gildestad, Tlf 55974037.

Lunge post 3  er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, Tlf. 55973533.

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. 
ReHabiliteringsklinikken er ein av klinikkane i  Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar. Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskaderehabilitering. Som sjukepleiar her får du arbeide heilskapleg både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Vi ønsker medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du har god fagleg vurderingsevne, er løysingsorientert og meistrar høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og ein trinnvis oppbygging av kompetanse.   
Kontakt: Post 1: Lisbeth Sparre, Tlf. 55918484. Post 2: Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Du må: 

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4887376529

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
381279764
Sist endret
22. nov. 2024 09:02