Psykolog
- Arbeidsgiver
- Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse
- Stillingstittel
- Psykolog
- Frist
- 04.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig stilling som psykolog ved Nav Arbeidsrådgiving og Senter for jobbmeistring. Stillinga vil vere delt 50/50 mellom avdelingane. Vi ser etter kandidatar som identifiserar seg med verdigrunnlaget til Nav og som har forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.
Nav Arbeidsrådgiving Vestland
Nav Arbeidsrådgiving Vestland er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med utfyllande arbeidsretta kompetanse innan arbeidspsykologi, pedagogikk og jobbmeistrande kartleggings- og rettleiingsmetodikk. Totalt har kontoret 9 tilsette som leverer tenester til Nav-kontora i fylket. Vi legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved Nav-kontora. Vi har i tillegg mykje brukarkontakt. Nav Vestland er organisert i ni regionar og arbeidsrådgivingstenesta er geografisk spreidd til regionane Bergen og Sunnfjord.
Senter for jobbmeistring
Senter for jobbmeistring er eit tilbod retta mot personar med lettare psykiske helseplager som til dømes angstlidingar og depresjon, der symptoma gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet. Målet med tilbodet er meistring av symptom og auka tilknytning til arbeidslivet. Tenesta bygger på metoden individuell jobbstøtte (IPS). Du vil gi arbeidsretta kognitiv terapi der meistring av arbeid og psykisk helse er hovudfokus. Tilbodet om arbeidsretta kognitiv terapi er eit korttidstilbod. Tett samarbeid med jobbspesialist er ein viktig del av jobben. Senter for jobbmeistring har 6 psykologar og held til i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver knytt til Nav Arbeidsrådgiving
- Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar, med fokus på arbeid
- Tematisk og fagleg undervisning
- Rettleiing av tilsette ved Nav-kontora
- Bistå brukarar med komplekse og uavklarte bistandsbehov
- Utvikle samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
- Synleggjere brukar sine ressursar og moglegheiter i arbeidslivet
- Tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing i Nav-kontora i regionen. Noko reise i samband med jobben må derfor påreknast
Oppgåver knytt til Senter for jobbmeistring
- Kognitiv korttidsterapi til personar med lettare til moderate psykiske plager med sikte på å fungere i arbeidslivet
- Samarbeid med jobbspesialist i samsvar med IPS-modellen
- Samarbeid med Nav sine ulike tenester i brukarsaker og i samarbeid med primær- og spesialisthelsetenesta
- Fleksibel oppfølging i kombinasjon av fysiske møte og videoterapi
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- norsk autorisasjon som psykolog
- erfaring med individuelle samtalar og kognitiv terapi som metode
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå utgreiings- og kartleggingsarbeid til personar som har utfordringar med å meistre arbeid
- erfaring frå arbeidsretta kognitiv terapi og/eller metakognitiv terapi som metode
- erfaring med tverrfagleg teamarbeid
- kjennskap til Nav sitt arbeid, verkemiddel, organisering og mål
Vi ser etter deg som
- har gode relasjonsferdigheiter
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- arbeider målretta, strukturert, sjølvstendig og effektivt
- har gode evner til, og interesse for å drive med rettleiing og opplæring
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Variert og tverrfagleg samarbeid
- Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområde for stillinga
- Eit godt og fagleg engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Statleg tilsetting i stillingskode 0794 psykolog med lønnsspenn frå kr. 657.300 til kr. 708 000 per år (tilsvarande ltr. 67 - 71). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleiar, 408 27 552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4887305442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Rådgivning, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381281260
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:40