Sjukepleiar ved institusjons- og heimetenester
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar ved institusjons- og heimetenester
- Frist
- 19.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar kombinert i heimetenester og ved institusjonstenester frå snarast.
Heimetenester omfattar heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande med kognitiv svikt, tryggleiksalarm, sensorteknologi, kvardagsrehabilitering, matombringing, omsorgsbustader og bufellesskap. Målet vårt er å legge forholda til rette slik at ein skal få bu heime så lenge som ynskeleg.
Institusjonstenester ved Helsetunet har 24 plassar fordelt på korttid / langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Det er lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Me har stor kantine i tilknyting til institusjonskjøken. Her er det arrangement for bebuarar og andre. Me lagar god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Heimetenestene har nyleg flytta inn i nye kontorfasilitetar.
Det er om lag 20 tilsette i heimetenester, og om lag 30 tilsette ved institusjonstenester.
Me jobbar etter årsplan med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Turnusen blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det ikkje for deg å bu her, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.
Denne kombistillinga gir deg ein unik moglegheit til å bli kjend med dei ulike bygdene i kommunen vår. Du vil også verte ein del av eit spennande fagmiljø, både ved institusjon og i heimetenesta.
Rekrutteringstilskot
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av mellom anna sjukepleiarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad, som til dømes sjukepleiar.
Arbeids- og ansvarsområde
- varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
- sjukepleiarfaglege oppgåver
- yte nødvendig helsehjelp, observere og behandle
- vurdere og kartlegge behov
- delta i fagleg utviklingsarbeid
- jobbe med velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering
- dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
- registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
- ansvar for elektronisk meldingssystem (e-link) til lege / sjukehus
- gje råd og rettleie kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapeut, ergoterapeut, lege, kreftkoordinator, hukommelse-team og andre samarbeidspartnarar i 1. og 2. linja
I tillegg kan du få andre spennande oppgåver frå avdelingsleiar
Me tilbyr
* ei spennande kombistilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
*å bli del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
*gode pensjons- og forsikringsordningar
*årsløn kr 35 000 over minsteløn, med 35,5 timar per veke
*ekstra laurdag og søndagstillegg (10,- pr time over tariff)
*funksjonstillegg til praksisrettleiar til lærlingar
* kommunen held arbeidskle og sko
*gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
*gratis inngang til symjehallen
*hjelp til å skaffe bustad
* hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- du må ha førarkort
- me ynskjer at du har erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring vert gitt om du er nyutdanna
- du bør ha kjennskap til lov om kommunale helse og omsorgstenester
Me oppfordrar studentar om å søke.
Personlege eigenskapar
Me arbeider både i team og sjølvstendig. I løpet av ein arbeidsdag er det mange ulike oppgåver.
Det er difor viktig at du:
- er løysingsorientert, kan setja iverk, følge opp og avslutte oppgåver
- har gode kommunikasjonsevner og er ansvarsbevisst.
- er motivert til å jobbe innan heimebaserte tenester og institusjonen
- brenn for gode løysningar og god ressursbruk for å auke velferd og funksjon for brukarane
- har eit heilheitsperspektiv, er omsorgsfull, klar og tydeleg
- set brukaren i fokus, er strukturert og målretta.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381284621
- Sist endret
- 20. nov. 2024 07:46