Seniorkonsulentar i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda
- Arbeidsgiver
- Høgskulen i Volda
- Stillingstittel
- Seniorkonsulentar i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda
- Frist
- 04.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Studieadministrasjonen er det ledig tre faste stillingar som seniorkonsulent innan studium/studentsørvis.
Vidare er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent innan arbeid med eksamen.
Arbeidet i Studieadministrasjonen er organisert i ulike team. Eksamensteamet har ansvaret for planlegging og gjennomføring av eksamenar på høgskulen. I tillegg har dei arbeidsoppgåver innan sakshandsaming og rådgiving av studentar
Team studium/studentsørvis har ansvar for den daglege drifta i studentsørvis som er førstelinja til Studieadministrasjonen. Dette er sentralbordet til høgskulen, men og sakshandsaming og generell rådgiving av studenter.
I tillegg til desse to teama består Studieadministrasjonen av eit team for utdanningskvalitet og læringsmiljø og eit for opptak, samt stabsoppgåver.
Ein kan søke på alle stillingane, eller ein kan spesifisere i søknaden kva stilling ein søkjer på.
Kvalifikasjonar
Du må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, dette kan vere t.d. innan utdanningsfaglege og/-eller administrative fagområde.
Det er ønskeleg med relevant erfaring frå sakshandsaming, gjerne frå offentleg forvaltning.
Vi vil legge vekt på at du har/er:
- gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
- ein pådrivar med gode samarbeidsevner
- løysingsorientert og serviceinnstilt
Du bør kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Arbeidsoppgåver
For stillingane knytt til studium/studentsørvis søkjer vi deg som kan handsame ulike forvaltningssaker som ligg til studieadministrasjonen. Det kan vere arbeid i samband spørsmål og søknader frå studenter, kontakt med fagmiljøa for avklaringar, generell rådgiving av studenter, i tillegg kjem drift av sentralbordet.
For stillinga på eksamensteamet søkjer vi deg som ønskjer å vere med å planlegge og gjennomføre eksamenar. Du må koordinere dette arbeidet opp mot studentar, fagtilsette og andre einingar ved høgskulen. Det er høg grad av sjølvstendig arbeid, men du arbeider i eit team. Til stillinga ligg det også ein del rådgiving og sakshandsaming, knytt til mellom anna utdanningsløp, tilrettelegging av eksamen og fusk
I alle stillingane vil ein jobbe tett med studiedirektør og andre medarbeidarar i studieadministrasjonen, i tillegg til god dialog med dei ulike fagavdelingane ved høgskulen. Stillingane rapporterer til studiedirektør.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Som vår nye kollega vil du få:
- Engasjerte kollegaer
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:
1363 seniorkonsulent kr 570 900 – 610 055,-
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte konstituert studiedirektør Håkon Bø hakon.bo@hivolda.no tlf.70 07 51 68.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Rådgivning
- FINN-kode
- 381285832
- Sist endret
- 20. nov. 2024 08:14