Psykologspesialist/psykolog
- Arbeidsgiver
- Habilitering barn og ungdom SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Frist
- 03.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Er du klar for ei utfordring? Vi har eit ledig vikariat i 100% stilling frå 01.01.25 til 31.07.25, og vi leitar etter deg som brenn for å jobbe med born og unge med medfødde og tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Bli ein del av vårt dynamiske og tverrfaglege team!
Vi tilbyr ei unik moglegheit til å jobbe med eit breitt spekter av fagfolk, inkludert legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, vernepleiarar, pedagogar, sjukepleiarar og merkantilt personale. Du vil få spennande arbeidsoppgåver innan diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. Vi har eit tett samarbeid med kommunale tenester, og ein stor del av arbeidet er ambulant, noko som gir deg moglegheita til å jobbe variert og fleksibelt.
HABU Nordmøre og Romsdal flytta i oktober 2024 inn i eit topp moderne sjukehus på Hjelset. Her er vi samlokaliserte med habilitering for vaksne, noko som gir eit større og meir spennande fagmiljø. Vi har eit nært samarbeid med HABU i Ålesund, noko som sikrar gode pasientforløp og kontinuerleg fagutvikling. Du vil jobbe med born med medfødde eller tidleg erverva funksjonshemmingar/langvarige sjukdomar som treng tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.
Vi leitar etter deg som har ein genuin interesse for habilitering og som ønskjer å gjere ein forskjell i born og unge sitt liv. Hos oss får du moglegheita til å utvikle deg fagleg i eit inspirerande og støttande arbeidsmiljø.
Bli med på laget vårt! Send inn din søknad og bli ein del av ein spennande arbeidsplass der du verkeleg kan utgjere ein forskjell.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/diagnostisering
- Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utredning og behandling/oppfølging
- Pasientopplæring
- Oppfølging av foreldre/føresette
- Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnerar
- Delta i fagutvikling og forsking
- Ambulant arbeid er ein viktig del oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B) Vi har tenestebilar til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Psykologspesialist/psykolog
- Psykologar uten spesialisering er også velkomne til å søkje
- Det er behov for ein psykolog med erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
- Vi søkjer etter ein psykolog med særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og/eller autisme som har ulike tilleggsvanskar. Det er spesielt ønskjeleg med erfaring og kompetanse i høve til utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
- Søkjarar må kunne retteleie fagpersonar i førstelinjetenesta
- Vi føreset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ha heilskapsforståing
- Vere fleksibel
- Vere strukturert og jobbe målretta samt evne til sjøvstendig planlegging
- Ha gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø
Personlege eigenskaper som er viktige i høve til stilllinga, vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.
Kontaktinformasjon
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4884582132
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 03.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 381372776
- Sist endret
- 20. nov. 2024 09:45