2 stipendiatstillingar innan ernæringsepidemiologi
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Oslo
- Stillingstittel
- Stipendiat (Hjartåker)
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Avdeling for ernæringsvitskap har ledig to stipendiatstillingar for ein periode på 3 år innan fagfeltet ernæringsepidemiologi.
Begge stillingane omhandlar førebygging av tarmkreft. I prosjektet – CRC-3p Bearbeidet mat og tykktarmskreft: effekt av proteinkilde, prosessering og kostholdsmønstre skal stipendiaten arbeida med desse problemstillingane i den landsdekkande Kvinner og kreft-kohorten. Prosjektet er eit samarbeide med NMBU, og er finansiert gjennom Norges Forskningsråd. I prosjektet KoloPrev Fokus på levevanar for eit betre tarmscreeningsprogram skal stipendiaten arbeida i ein randomisert intervensjonsstudie der me skal undersøkja effekten av livsstilråd gitt i tilknyting til tarmkreftscreening. KoloPrev er eit samarbeidsprosjekt med Kreftregisteret, og har finansiering blant anna frå Kreftforeningen.
Meir om stillinga
CRC-3p Bearbeidet mat og tykktarmskreft: effekt av proteinkilde, prosessering og kostholdsmønstre
Stipendiaten vil arbeida med data som er samla inn i den landsdekkande kohorten Kvinner og kreft, i samarbeide med forskarar ved UiT Norges arktiske universitet. Me vil blant anna studera samanhengen mellom proteinkjelder og utbytting av kjøt med andre matvarer og risiko for tarmkreft i prospektive analysar. Me har tilgang til repeterte data frå eit stort materiale. Me søkjer ein person med sterk interesse for epidemiologi generelt, og ernæringsepidemiologi spesielt.
KoloPrev Fokus på levevanar for eit betre tarmscreeningsprogram
Stipendiaten i dette prosjektet skal arbeida med å førebu og gjennomføra ein randomisert intervensjonsstudie av livsstilsråd gitt i tilknyting til det nasjonale tarmscreeningsprogrammet. Både kvalitativ og kvantitativ forsking vil inngå. Stipendiaten vil vera i direkte dialog med studiedeltakarar, og må kunna snakka norsk (eller eit anna skandinavisk språk).
For begge stillingane er det venta at stipendiaten deltar i fagutvikling og kunnskapsformidling innan feltet tarmkreft og livsstil, med særleg vekt på kosthald, og at dei deltar aktivt i prosjektgruppene.
Begge tilsetjingane gjeld for ein periode på 3 år.
Opptak til doktorgradsprogrammet er eit vilkår for tiltreding som stipendiat. Det er ein føresetnad at kandidaten kan gjennomføra prosjektet i løpet av stipendiatperioden. Føremålet for utdanningsstillinga er at kandidaten skal oppnå ein doktorgrad/PhD i løpet av stipendiatperioden.
Endeleg plan for forskarutdanninga skal vera godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tiltreding. For meir informasjon, sjå nettside: (fakultetet's PhD program).
Kvalifikasjonskrav
- Fullført og bestått mastergrad, eller tilsvarande, innanfor ernæring- og/eller epidemiologi. Mastergraden må vera på 120 studiepoeng med minimumskarakter B (ECTS karakterskala) eller tilsvarande, og må inkludera ei oppgåve på minimum 30 studiepoeng.
- God framstillingsevne skriftleg og munnleg på engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk)
I tillegg vil det vere ein fordel med følgjande kvalifikasjonar:
- I CRC-3p: Erfaring frå arbeid med store datasett, og gjerne bruk av Stata og/eller SAS
- Kunnskap om tarmkreft, med særleg fokus på korleis livsstil kan spela inn
Personlege eigenskapar
Ved vurdering av søknadene vil det bli lagt vekt på
- Kandidaten sin faglege og personlege føresetnad for å gjennomføra både forskarutdanninga og forskingsprosjektet
- At personen viser sterk motivasjon for prosjektet
- At personen kan arbeida sjølvstendig og som del av ei gruppe
Vi tilbyd
- Løn frå kr. 532 200 til kr. 575 400 avhengig av kompetanse, i stilling som stipendiat stillingskode 1017
- Gode pensjonsordningar
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev (motivasjon for stillinga)
- CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
- Kopiar av vitnemål og attestar
- Ev. publikasjonsliste
- Referanseliste (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, samt skildring av relasjon til søkar)
Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed me om ei forklaring på karaktersystemet. Me gjer merksam på at all dokumentasjon må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Det skal som hovudregel nyttast intervju i tilsetjingsprosessen.
Det må gå tydeleg fram av søknaden kven av stillingane ein søkjer på, eller om ein søkjer på begge stillingane.
Andre opplysningar
Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.
I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
Professor Anette Hjartåker, tlf.: 22 85 13 30, e-post: anette.hjartaker@medisin.uio.no
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 381385787
- Sist endret
- 20. nov. 2024 12:12